Kjølsdalen krins

Om oss

Info

Styremøte i KKUL 16.12.2007
Desse møtte: Jan Ole Eikås, Jan Eide, Rønnaug Leite, Terje Johnsen, Wenche Stadheim og Cato Albrigtsen.

Saker:
1. Støtte til Kulturhuset (Operaen) Lag og organisasjonar hadde vist lita interesse for i fellesskap å yte pengestøtte til nybygget. Etter formålsparagrafen til laget skal ein satse ressursane lokalt. Det vart vedteke å ikkje gje støtte.
2. Rekningar. Dei som reiser for KKUL på tilskipingar/møte som laget tek del i skal få refundert sine utgifter etter takst på kr 3.-/km om dei brukar eigen bil. Ferjer etter rutetakst. Kost etter rekning. Laget betalar elles for tapt arbeidsforteneste og utgifter stipulert av den som reiser.
3. Vegen til Årdal/Tømmerstøl. Det vart referert til brev frå grunneigarane om problem med å kome opp med lastebil. Det vart orientert om møte leiaren hadde hatt med Torfinn Myklebust og brev som er sendt til Eid kommune. Dette er ei hastesak som ein vonar kommunen tek på alvor. Tine blir beden om å kome med kommentar til vegen. Det vil bli søkt om trafikktryggingsmidlar innan 11 jan. ang. avkøyring frå riksvegen. Fyrst i 2011 er det sett av kr 30 000 på langtidsbudsjettet . Dette er alt for lang tid til å vente på ei sak det hastar med og som er relativt rimeleg å få til.
4. Bustadfelt. Det er på gang arbeid med to felt i Kjølsdalen. Eit i privat regi på Gilleshammer og utviding av eksisterande byggjefelt i Kjølsdalstranda . I denne samanheng vil ein be om at ein tek sikte på energiøkonomisering. Det er gjeve orientering om dette til kommunen ved Gerd Fløde Bjørlo
5. Ny veg i Kjølsdalen. På langtidsbudsjettet til Eid kommune, vedteke 29.03.07 er Humborstad – vegomlegging 600 sett opp med kr 500 000 i 2011 og kr 1 500 000 i 2012. KKUL ynskjer at ein alt no ser på omlegging av veg gjennom tunet til Kjell Arne Heggheim. I tilfelle bustadfelt på Gilleshammer er her eit høve til å gjere noko med det.
6. Nye innflyttarar til krinsen. Rønnaug sender brev til dei som har busett seg i krinsen og sender over ei julehelsing med ein liten presang.
7. Skilting langs riksvegen. Leiaren i KKUL vender seg til vegvesenet om at det blir sett opp skilt med Reksnes på og at ein endrar skiltet med avkøyringa til Tømmerstøl som er endepunktet på vegen. I Kjølsdalen bør skiltet til Eikås få rett kilometeropplysning.
8. Veglys i krinsane. Deler av Haus og Ervik – deler av Kjølsdalen og Årdal/Tømmerstøl manglar veglys som kan gjere miljøet sikrare og trivelegare. Kjølsdalen Bygdekvinnelag har bede KKUL samordne vidare arbeid med dette. I Ervik har det vore møte der politikarar frå krinsen + Torfinn Myklebust frå kommunen var med. Wenche Stadheim og Reidar Erviksæter representerte KKUL. Innan utgangen av januar ynskjer ein at plan over ynskte punkt er klar. Ansvarlege for dette er: Tømmerstøl v Terje Johnsen, Kjølsdalen v Bygdekvinnelaget og Haus Ervik v Wenche Stadheim. Innan 11 januar blir det søkt om trafikktryggingsmidlar etter eit stipulert tal lyspunkt. KKUL har bede kommunen skaffe fram kart over alle el-liner i krinsen. Krinsen må etter kvart få fram ei finansieringsplan oppsetjing av anlegg og deretter søkje kommunen om tilskot til drifta. Etter 1 feb. ber ein om eit møte saman med kommunen og SFE.
9. Ta eit tak. KKUL har lagt ut på websida til laget, www.kjolsdalenkrins.no informasjon om støtte til å halde naust vedlike. Leiaren har fått få tilbakemeldingar om folk som har nytta seg av tiltaket som var eit enkelt og godt hjelpemiddel for å ta vare på gamle bygningar i strandsona.
10. Strandsona i Kjølsdalen. Tidlegare har kommunen gjort vedtak om utarbeiding av reguleringsplan for heile Kjølsdals-stranda og eit lite område ved Navestøylen. Her er det gjort lite og ein vil etterlyse om vedtaket gjeld framleis. Leiaren sender førespurnad til Eid kommune. Tidlegare har KKUL fått utarbeidd plan for området tunnelen – Kjølsdalsneset av Nordplan.
11. Innspel til energi/miljøplan for Eid kommune. KKUL har sendt brev til kommunen den 13.12.2007. Leiaren hadde 06.12.2007 møte med Gerd Fløde Bjørlo om saka.
12. Korleis halde interessa for KKUL oppe. Medlemstalet er pr i dag 58 medlemar og av desse er det 8 lag og organisasjonar. Ein bør bruke websida og Tavla for å fortelje om drift og stoda for medlemstal –barometer.
13. Årsmøtet for 2007. Fastsett til søndag 17 feb.kl 20.00. Valnemnda ved Ole Telvik (1år), Marta Elvebakke (2år) og Roar Øystein Bakke (3år) kan gjerne ta til å arbeide med sakene.
Kjølsdalen Krins Utviklingslag
6776 Kjølsdalen