Kjølsdalen krins

Kjølsdalen krins

Kjølsdalen krins ligg sentralt i Nordfjord. Frå vest ligg bygdene Lefdal, Midthjell, Haus, Ervik, Kjølsdalen og Reksnes på rad og rekkje langs Nordfjorden ved RV15.

Dette flyfotoet vart teke i forbindelse med boka "OPPTUR" - Fotturar i Sogn og Fjordane som kom ut i 2005. Dei gamle ferdavegane mellom bygdene i Kjølsdalen krins er ein av turane i Eid kommune. Frå lufta ser ein frå Kjølsdalen krins og vest i storhavet!