Kjølsdalen krins

Informasjon om Kjølsdalen sitt nye bustadfelt.

Her er litt info om Kjølsdalen bustadfelt:

Tilbodsfrist: 20. juni 2012

Bygging av ca 150 m. veg i forlenging av eksisterande veg.

Det vert utløyst 10 nye tomtar.

Det er kommunen som har fått hand om arealet og vil selje tomtane.

Start opparbeiding av feltet kan skje medio august 2012.

Ferdigstilling frå entreprenør er planlagt seinast 15. mai 2013.

Tidspunkt for oppstart av tomteopparbeiding og husbygging er ikkje avklart, men vil etter planen vere i første halvår av 2013. Dette må avklarast m. a. i samråd med entreprenøren.

Kommunen vil komme med nærmare utlysing av tomtene saman med vilkår for tildeling og sal seinare i år.