Kjølsdalen krins

Innspel på framlegg til «Kommunedelplan for samanslåing av skulekrinsane Stårheim og Kjølsdalen»

Kjølsdalen krins utviklingslag (KKUL) ønskjer med dette å kome med innspel til framlegg til «Kommunedelplan for samanslåing av skulekrinsane Stårheim og Kjølsdalen»
I høve dei skisserte alternativ A – F, går KKUL inn for alternativ A, Oppretthalde eksisterande struktur.

Grunngjeving
KKUL viser til felles høyringsinnspel frå tilsette, SFO, FAU, SU og elevrådet ved Kjølsdalen skule. Vidare til høyringsinnspel frå Kjølsdalen privatskule, Kjølsdalen bygdekvinnelag og Kjølsdalen idrettslag. KKUL ber kommunen merke seg og ta omsyn til argumenta frå alle disse høyringsinstansane. KKUL vil også vise til innspel og dialog mellom kommunen sine representantar og innbyggjarane i Kjølsdalen i samband med folkemøte på Kjølsdalen skule 21. juni i år. Over 100 bygdefolk møtte opp for å ytre seg om skulesaka. Kommunen har fått detaljert referat frå møte. Vi tek for gitt at referatet også inngår i kommunen sitt grunnlag for vidare handsaming av saka og at kommunen legg vekt på kva folk meiner om saka.

KKUL vil spesielt kommentere pkt. 14.0, Konsekvensar for bygdene. Konsekvenskapitlet er tynt, ja nesten utan substans. Dette står i grell kontrast til det engasjementet som kommunen møter frå bygdefolket. Det er nettopp konsekvensane av ei bygd utan skule som folk er opptatt av. Konsekvensar både for skulebarna og for heile bygdesamfunnet. Eid kommune burde analysere konsekvensane inngåande og ikkje nøye seg med generelle og uengasjerte utsegn om at «Om ein nyttar skulen til grendehus eller barnehage vil bygget framleis vere eit identitetsmerke og samlingspunkt.» og «Forskarar har ikkje funne nokon samanheng mellom skulenedlegging og nedgang i folketalet i ei bygd, men ein kan heller ikkje utelate at det kan skje.»

I kommunen sin eigen utviklingsplan 2008 – 2012 legg kommunen vekt på å vere utviklingsorientert i eigne planer og prosjekt. Når kommunen kjem med framlegg om samanslåing av skulekrinsane er dette nesten berre grunngjeve i kommuneøkonomien. Kor blei det av utviklingsorienteringa i eigne planer? KKUL meiner det er gode grunner til å tru at bygdeskulen er ein positiv drivar for utvikling i Eid kommune. Det at så mange bygder faktisk har eit lokalt skuletilbod gjer Eid kommune attraktiv. Ynskjer ein tilflytting og vidare vekst er det ikkje god politikk å legge ned/slå saman skular. I eit scenarioprosjekt initiert av Regjeringa blei «Framtidsbygda 2020» utforska. Mange av argumenta for kva innflyttarar vil legge vekt på i framtida handlar om gode og trygge nærmiljø, ein skule med gode ressursar og bygdene sine verdiar som identitetsbyggjarar. Kanskje Eid, i staden for å leggje ned bygdeskulen, kan marknadsføre seg som kommunen med dei levande bygdene?

KKUL ynskjer å vere aktiv pådrivar i høve næringsutvikling i krinsen. I Kjølsdalen har ein dei siste 5 åra fått stadig fleire nisjenæringar, både knytt til landbruk, reiseliv og andre næringar. Unge gründerar satsar og dei vil bygge og bo i bygda. Skulen er viktig for dei unge vaksne. Blir den borte er det fare for at dei nyleg etablerte vil flytte ut av bygda og kommunen. Kva vil eventuelt fråflytting koste? Vi skal ikkje forskotere effekten av eit teknologieventyr knytt til Lefdal gruve. Signala er positive og mogleg gevinst for kommunen er stor. Er det ikkje ekstremt dårlig timing å slå saman dei vestlege skulekrinsane no?

Skule engasjerer folk i alle bygder. Skulen er knutepunkt i små bygder og mykje meir enn ein læringsanstalt for born. Skulen er pådrivar for historie og kulturelle tradisjonar. Skulen er dugnadsorganisasjon. Skulen er samlingspunkt og identitetsbyggjar. Gje skulen den rolla ho fortener i samfunnsutviklinga. KKUL meiner at ein marginal innsparing på kort sikt kan få negative langsiktige konsekvensar som langt overskrider den kortsiktige innsparinga.

Gjer ei skikkeleg, framtidsretta konsekvensanalyse av det å oppretthalde eksisterande skulekrinsar og eventuelt samanslåing av skulekrinsane. KKUL bidrar gjerne!

Med helsing
for KKUL,

Stig Arne Bugjerde, leiar Helga Odden Reksnes, sekretær