Kjølsdalen krins

Innspel på framlegg til kommunedelplan for samanslåing av skulekrinsane Stårheim og Kjølsdalen

Eid kommune
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid


Vår Dykkar ref. Dato
L01, A20 THA 27.08.12

Innspel på framlegg til kommunedelplan for samanslåing av skulekrinsane Stårheim og Kjølsdalen

Dei ulike organa skulen, SFO, FAU, SU og elevrådet har samarbeidd for å kunne samle innspel i eitt felles notat til kommunen.

Ein vil først gå gjennom framlegget til kommunedelplan og kommentere konkrete punkt i planen. Så vil ein ta for seg generelle kommentarar som ligg utanfor dei konkrete punkta i planen. Til slutt er det lagt inn ein uttale frå elevrådet ved Kjølsdalen skule.

1.2 Samandrag:
1. Tabellar for elevtalsutvikling er framleis mangelfulle. Dei tek utgangspunkt i reine nøkkeltal frå Folkeregisteret samt at dei siste oppdateringane av fødslar og tilflyttingar i krinsane er tekne med. Her er ingen bruk av prognosar verken av netto tilflytting, tilgjengeleg boligmasse, fødselsoverskot eller liknande. Dette er prognosar som ville vist ein heilt anna utvikling for krinsen når ein veit at elevtal og storleik av årskull varierer frå år til år.
2. Tabell «Kostnader pr. elev» manglar ei nærare forklaring på kva kostnader som er inkludert. Løn, skulebygg, skuleskyss, spesialundervisning, kva er med?
3. Tabell for innsparing ved samanslåing av krinsgrensene er mangelfull, då den har med seg kostnadsberekninga på utbygging (7500000 NoK) som ein vart pålagt av Formannsskapet å kvalitetssikre.

2.3 Mål og omfang for kommunedelplanen
1. Kommunen som serviceytar pliktar å tenkje like mykje på brukarane (konsekvensar for elevar, føresette og bygdene) av skulane som på økonomi og bygningar. Eit av hovudmåla for kommunedelplanen skal vere å utrede dei samfunnsmessige konsekvensane, då dette i aller høgste grad likevel vil kunne få langvarige økonomiske konsekvensar for kommunen.
2. Kommunedelplanen tek marginalt opp i seg kva eit eventuelt tomt bygg kan nyttast til. Så lenge ein vel å sjå vekk frå barnehagar i denne runden og ikkje har med noko rundt privatskule så er dette punktet så godt som ubelyst.



2.5 Overordna, strategiske mål
Kommunedelplanen er slik den står no forvirrande for dei som skal fatte vedtak. Her manglar så mykje rundt konsekvensar, økonomiske innsparingar, kvalitet på framtidig skule, oppstart og ferdigstilling av eventuelt tilbygg etc. at dei som skal fatte vedtak ikkje har det retningsgjevande og tydelege styringsverktyet dei treng for å gjere eit godt vedtak som står seg i meir enn 75 dagar (tida det tok frå ein kommunedelplan for grunnskulen i Eid 2012-2015 vart vedteken i kommunestyret med ein forvissing om at struktur ikkje skulle diskuterast framover, til ein sat med eit budsjettforslag der samanslåing av skulekrinsane Kjølsdalen og Stårheim låg inne i langtidsbudsjettet).

2.6 Prosessmål
Kommunen er særs oppteken av «gode prosessar». Ein har sagt det før og det må seiast igjen. Kommunen må ikkje ha dårlegare tid enn at alle får den tida som trengst til å førebu seg, tenkje seg om og så kome med gode utsegn og vedtak. At driftsutvalet skal drøfte kommunedelplanen etter høyring berre (om lag) 38 timar etter enda høyringsfrist, vitnar om dårleg prosess-planlegging.

2.7 Resultatmål
Sjå kommentar på 2.5 Overordna strategiske mål

3.0 Sentrale tema og problemstillingar: Utgreiingsbehov
Då ein fekk offentleggjort dei særs gode resultata frå Nasjonale Prøvar ved Kjølsdalen skule og dei resultata tidlegare elevar har prestert vidare på ungdomsskulenivå, skulle det vel vore interessant for kommunen å finne ut kvifor denne skulen skårar så høgt på desse testane? Ein bedrift med varierande resultat i ulike einingar ville vel ha vorte interessert i kvifor einingar og ledd i produksjonen gjer det særs godt, og forsøkt å finne svara på dette. I staden for å sjå på moglegheita til å leggje denne eininga heilt om, og kan hende ned. Dette hadde vore meir interessant for kommune, tilsette, elevar, føresette og skuleforskarar enn å dra inn alt det ein allereie veit om syn på kvalitet, læringsmiljø, klasseleiing og andre meir eller mindre perifere kunnskapar i akkurat denne saka. At ein har med resultat henta frå elevundersøkinga som syner noko av det elev- og læringsmiljøet ein har ved dei to skulane, er berre ein ørliten del av det totalbiletet som gjev gode læringsresultat.

3.6 Spesialundervisning og tilpassa opplæring
Når privatskule som alternativ ligg i vasskorpa, bør kommunen sjå på ulike parameter som vert gjeldande i ein slik samanheng. Mellom anna burde kostnader for skuleskyss for elevar frå andre deler av kommunen som kan søkje seg til privatskulen vore teke med og drøfta. I tillegg burde ein og seie noko om kva ein privatskule pliktar å gi elevar når det gjeld spesialundervisning, og kven som må finansiere det.
5.3 Læringsresultat
Når ein syner til faglege resultat ved dei to skulane samanlikna med Eid og landet elles, vert det forsøkt analysert kvifor resultata på den eine skulen var under gjennomsnittet, og sagt litt om kva tiltak som vart sette i verk grunna desse resultata. Det er då underleg at ein ikkje forsøker å analysere kvifor den andre skulen kjem særs godt ut samanlikna med kommunen og landet elles. Dette er jo minst like interessant. (Dette er noko av det vi òg seier noko om under pkt. 3.0)

6.0 Elevtalsutvikling
Sjå under pkt. 1.2 Samandrag. Med siste tilflytting til Kjølsdalen (pr. 22.08.2012) må tala i elevprognosane til Kjølsdalen skule endrast i kommunedelplanen.

7.0 Økonomi
Ein kan gjerne diskutere kor vidt ressursbruken i norsk skule er fornuftig og effektiv, men det er eit faktum at tala for Kjølsdalen skule 2011 (Kr 113 309,-) ligg nærare gjennomsnittet for det kvar kommune nytta til skule i 2011 (Kr 94 755,-, jfr. Utdanningsspeilet 2012 (Udir)) enn kva gjennomsnittet i Eid kommune var i 2011 (Kr 68 409,-). Det er ikkje ressursbruken ved Kjølsdalen skule som er unormalt høg, men det er snarare ressursbruken til saman i skulen i Eid kommune som er uroande låg samanlikna med resten av landet. Dei innsparingane som ein ser for seg ved ein eventuell samanslåing av dei to vestlegaste skulane i kommunen vil føre til ei svekking av samla årsverk i skulesektoren i Eid (altså mindre lærartettleik). Først og fremst vil det gjelde elevane frå Stårheim og Kjølsdalen. Etter det som har kome fram i denne saka vil ikkje innsparinga ved skulesamanslåing gje auka lærartettleik ved dei andre skulane. Med andre ord; dei innsparte midla kjem ikkje skulesektoren til gode. Ein kan stille spørsmålsteikn ved kor lenge dei relativt gode resultata på både grunnskule- og vidaregåande nivå elevar i Eid presterar kan halde seg om ein fortset å knappe inn på ressursane i skulesektoren. Kommunen burde lagt fram tal som syner at dei 37 elevane ved Kjølsdalen skule ikkje er ein økonomisk byrde for kommunen i forhold til den rammeoverføringa kommunen får frå staten.

Politikarane i Eid kan godt få kjennskap til denne figuren (Utdanningsspeilet 2012, Udir) som syner kor lågt nede ressursbruken på skule Eid kommune ligg. Vi veit at kommunen slit med låge frie inntekter, men ein kan ikkje nytte dette som einaste argument for at ein år etter år skal tenkje kutt i dei sektorane som kommunen har som sine viktigaste å serve befolkninga.

Diagram Kjølsdalen skule © R.G




Eid kommune med sitt ressursforbruk på 68 409,- pr. elev i 2011 ligg altså blant dei om lag 2,5% kommunane med lågast prioritering pr. elev i landet. Verdt å merke seg at så mykje som nær 20% av kommunane brukte mellom 100 og 110000,- pr. elev i 2011 og at desse kommunane og hadde nær 20% av elevane i landet. Med siste tilflytting til Kjølsdalen krins vil kostnadene pr. elev ligge på om lag 110300,-.

9.0 Skulebygg
1. Kjølsdalen skule er ein moderne skule (kan ikkje samanliknast med skulebygg i bygder som tidlegare har fått nærskulen sin nedlagt) som utan tvil har fleire tiår med drift foran seg utan at skulebygget blir utdatert.
2. Om ein fell ned eit vedtak som betyr samlokalisering, og ein ser på Stårheim skule som naturleg val fordi ein ikkje treng utbygging for å ta imot nye elevar, så ønskjer ein å presisere at Kjølsdalen skule har eit (off. nedlagd) bibliotek som ein kan nytte til klasserom/lærararbeidsplass.
3. I høg grad lagt til rette for «tørr skule».
4. Er lett å planleggje ein evt. utbygging.

9.4 Uteområde
Oversiktleg trafikksituasjon og stor parkeringsplass for tilsette og vitjande.

10. Skuleskyss
Dei ulike alternativa som vert skisserte i kommunedelplanen inneheld inga utredning av korleis ein kjem til å løyse logistikken av elevar ved ein evt.
samanslått skule.
- Skal alle elevane møtast på den nedlagde skulen og så skal dei fraktast til den andre skulen? (jfr gå og få skyss som i dag?)
- Skal ein byrje å hente frå t.d Lefdal, Midhjell, Haus, Ervik/Erviksæter, Kjølsdalen/Eikås, Reksnes/Tømmerstøl, Høynes, osv til Stårheim skule
- Skal ein byrje å hente frå t.d Remmedalen, Indre Rød/Hafsås, Torvik, Stårheim, Høynes, Reksnes/Tømmerstøl osv til Kjølsdalen skule
- Ei rute frå Lefdal og ei rute Eikås som i dag til Kjølsdalen skule?
- Korleis har dei vurdert trafikktryggleiken for dei som då i dag har gang/bygdeveg til skulen, men må til å krysse Rv15 for å kome på skulerute
- Kva negativ effekt får det for elevane som i staden for i dag går til skulen i framtida skal skyssast? Elevråda i Eid kommune har i desse dagar engasjert seg i eit prosjekt kalt «Gå til skulen»-aksjonen. Her er eit at hovudmåla å auke den daglege aktiviteten til skuleborn i Eid kommune. Ein skulesamanslåing som førar til transport frå den eine grenda til den andre førar med seg eit behov for å auke fysisk aktivitet i skulekvardagen. Skulekvardagen er trong nok allereie for at ein skal få plass til dei fag som ligg på timeplanen.
- Skal ein i ettertid vurdere ein samlokalisering av barnehagar for dei to krinsane, så er skyssretninga for foreldra noko som fell til fordel for Kjølsdalen.
- Vi frykter at logistikken for dette vil koste pengar og at det vil gå utover elevane i særs negativ forstand

13.5 Innsparing ved samanslåing og utbygging
Som under pkt 1.2 samandrag så må kostnader ved eventuell utbygging kvalitetssikrast. Dette må gjerast eksternt. Ein slik kostnad er billigare enn det eventuelt blir om prosjektet sprekker.

14.1 Etterbruk
Privatskule er eit alternativ. Er det blitt sett godt etter eventuelle klausular på bygget?

15.0 Ulike alternativ
Tilsette, FAU, SU og elevrådet går inn for alternativ A – å oppretthalde eksisterande struktur. Dette fordi vi veit at skulen er av høg pedagogisk og bygningsmessig kvalitet, og vi meiner kommunen tek feil når ein trur at ein strukturendring av den storleiken som no diskuterast er eit middel som kjem til å ha positive ringverknader for budsjett eller samfunnsøkonomi. Elevtalet kjem til å auke i åra som kjem i forhold til dei prognosane kommunen opererer med. Kommunen må ha is i magen til å sjå an både eventuell næringsutvikling i Lefdal og resultata av dei mange tomtene som er og som vil bli ferdigstilte dei næraste åra i krinsen. Om politikarane verkeleg såg skulen som ein prioritert teneste så ville ein ikkje sjå på Kjølsdalen skule som nokon byrde for kommunen økonomisk. Ein ville då og tilføre meir ressursar til sektoren totalt sett, heller enn å kutte endå meir.

Kommunen har 5 ulike alternativ med i framlegg til kommunedelplan. Eit forslag som D (1.-4. trinn ved den eine skulen og 5.-7. trinn ved den andre) er berre kommentert, ikkje utreda. Har kommunen tenkt på moglegheita for at dei to einingane kan starte og slutte skuledagen ulikt og slikt nytte same skyssrunde til begge einingar? Ein kan og tenkje seg at lærarane alternerer mellom desse einingane (og Haugen i tillegg) slik at ein ikkje får mindre og meir statisk fagmiljø. Uansett så har kommunen sett dette opp som eit alternativ og burde såleis ha utreda det breiare. Ein slik organisering kunne òg hatt ein innsparing på administrasjon ved at ein nytta felles rektor. Denne rektoren kunne og hatt pedagogisk ansvar for Haugen skule. Det finst rom for slike løysingar i lovverket om ein søkjer departementet om dispensasjon (sjå Ot.prp. nr. 67 (2002-2003) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

17.0 Vurdering og tilråding
Vi kan ikkje sjå at planen argumenterer godt nok på nokon måte det rådmannen tilrår, nemleg: Ein nyttar ut dei økonomiske midlane til Eid kommune best mogleg, og eit av grepa som kan utførast for å unngå ytterlegare kutt i sektorane er å lokalisera saman avdelingar.
For det første er utredningane for enkle til at politikarane får oversikt nok over dei reelle innsparingane og kostnadene ved eit slikt tiltak. For det andre er det ein falitterklæring for kommunen som tenesteytar at ein ser dette som eit middel berre for å unngå ytterlegare kutt i ein av dei to viktigaste tenestane kommunen skal yte. Vi ser at kommunen er komen ut i eit vanføre som den ikkje kjem ut av slik ein no planlegg framtida.


Kva taler mot ein nedlegging i Kjølsdalen?
• Viktig at elevane får gå i sitt eige nærmiljø, og Kjølsdalen skule er flink til å nytte seg av dei lokale kreftene som finst for å underbyggje kompetansemål i kunnskapsløftet.
• Skulen har over fleire år hatt eit stabilt kollegium, noko som har gjort kontinuiteten for elevane særs god. Lite bruk av korttidsvikar utanom intern organisering og bruk av personar som kjenner elevane godt frå før.
• Skulen har vore skule i beredskap for elevar som treng ein skuleplass i kortare periodar, og tilbakemeldingane frå dei som organiserer denne beredskapen er udelt positive. Det at skulen har vore liten, oversiktleg og med stabile lærekreftar har spelt positivt inn i slike prosessar.
• Skulen har lang erfaring med organisering som få-delt skule. Denne organiseringa fungerer særs godt for både lærarar og elevar, og har fleire positive trekk ved seg (fagleg) enn negative. Elevane lærar frå 1. klasse å spele på kvarandre både fagleg og psykososialt.
• Kjølsdalen ligg lengst vest i kommunen og er strategisk viktig for å oppretthalde aktivitetsnivået på heile vestsida av Nordfjordeid.
• For Eid Kommune, som er plassert mellom Vågsøy og Stryn, er det særs viktig å oppretthalde ein god og framtidsretta infrastruktur i ytre delen av kommunen. Eit godt skule- og barnehagetilbod i ytre er avgjerande for at folk kan etablere seg og arbeide både i Eid og Vågsøy.
• Kjølsdalen skule egnar seg særs godt som trygg nærskule. Skulen ligg godt skjerma frå riksvegen, dei fleste klasseromma (alle sett bort frå eitt) ligg vendt vekk frå riksvegen. Elevar og lærarar kan nå både fjell og fjøre utan å krysse riksvegen.
• Eid kommune må ha i bakhovudet at ein eventuell nedlegging av skule aust i nabokommunen Vågsøy kan føre til eit elevgrunnlag for ein skule vest i Eid.
• Foreldra ved Kjølsdalen skule gjer, og har gjort dugnad på uteareal og renovering av interiør, som ikkje kan målast i pengar.
Det er fordi familien og bygda betyr meir enn noko anna i samfunnet.
• Det ser ut til i kommunedelplanen at Eid kommune ikkje ventar nokon vekst i grendene Stårheim og Kjølsdalen. Dette er heilt motsett av det kommunen burde tenkt, og kva innbyggjarane i dei to krinsane ser føre seg. Det siste års aktivitet i Kjølsdalen krins syner at optimismen er stor og at tilrettelegging av offentlege og private tomter i krinsen gjev signal om ein befolkningsvekst dei nærare åra.

Kva talar mot ein endring av krinsgrensane?
• Bygdene har historiske og kulturelle tradisjonar knytt til desse områda. Skulene er m.a. pådrivarar til å lære desse tradisjonane vidare til neste generasjon.
• Skulene har lang erfaring med å få mykje ut av lite. Dei har opparbeidd struktur for økonomisk organisering av undervisninga ved få-delte skuler. Dette har ikkje gått ut over kvaliteten på undervisninga.
• Lærarar ved få-delte skuler får eit tettare samarbeid på tvers av klassetrinna , og nærare kontakt med heimane.
• Foreldredugnad og anna skule/heim-samarbeid mister sin kraft, når nærleik til skulen fell bort. Dugnadsarbeid kan gi god gevinst for kommunen.
• Kalkylen for utbyggingskostnader, viser sjeldan reelle tal samanlikna med vidare drift av skulene. Ikkje på sikt, og ikkje pr. i dag kan dette rekneskapet lønne seg.
• Kostnadene ved tilknyting til familie, skule og bygd kan ikkje målast i kroner, enn samanliknast i eit reknestykke om økonomisk drift.



Frå elevrådet:
Det er veldig viktig å kjenne godt til heile klassa si, og å kjenne heile skulen. Vi blir jo kjent med alle dei nye elevane på under ein månad.
Her i Kjølsdalen kjenner vi veldig godt alle lærarane. Lærarane får mykje tid til alle oss elevar. Stort sett har vi ein hovudlærar inne, pluss ein annan. Det at vi kjenner veldig godt lærarane gjer at vi lærar betre. Vi trur at dei gode resultata her i Kjølsdalen er fordi alle kjenner alle, lærarane har godt tid til alle elevane, ein bruker nok pengar på elevane her og så har vi det veldig ryddig og reint rundt oss både ute og inne.
Vi trivst utruleg godt med uteområdet i Kjølsdalen. Vi ser ikkje bilvegen, har to skogar, flott ballbinge og mykje meir. Vi trur det blir trongt viss alle skal samlast på ein skule, og ein skal ta frå uteområdet til å bygge ut. Skal alle være ute samtidig i friminutt på ein samla skule der ein har bygd ut, så kjem det til å bli veldig trongt.
Viss vi skal slå saman skulane og den nye skulen ikkje er klar til skulestart kjem det til å bli trongt, dårlig inne- og utemiljø, mykje bråk frå maskinar og slikt, og farleg. Vi trur at viss kommunehuset skulle byggast om, så hadde politikarane funne eit nytt hus i mellomtida, medan arbeidet gjekk føre seg utanfor.
Korleis skal politikarane spare pengar viss dei skal bygge ut skulen?
Vi synst at kommunen kunne brukt meir tid på å tene pengar, enn den tida dei brukar på å planlegge å slå saman skuler og spare pengar slik.




Alle tilsette ved Kjølsdalen skule og SFO
Foreldrearbeidsutvalet (FAU)
Samarbeidsutvalet (SU)
Elevrådet ved Kjølsdalen skule