Kjølsdalen krins

Bygdekvinnelaget innspel i skule debatten

INNSPEL TIL KOMMUNEDELPLAN FOR SAMANSLÅING AV SKULEKRINSANE STÅRHEIM OG KJØLSDALEN

Medlemane i Kjølsdalen bygdekvinnelag har drøfta kommunedelplanen for samanslåing av skulekrinsane Stårheim og Kjølsdalen og ønskjer å kome med nokre tankar og innspel til denne.
For innbyggjarane i Kjølsdalen er skulen ein svært viktig del av det gode og levande miljøet i bygda. Gjennom skulen og aktivitetar knytt til skulen og bygda, utviklar ungane sin identitet og knyter varige band til bygda og krinsen.
Det er eit godt læringsmiljø og eit godt sosialt miljø ved Kjølsdalen skulen, og rundt skulen er det også knytt mange aktivitetar i fritida. Ved ei nedlegging/samanslåing av skulane på Stårheim og i Kjølsdalen fryktar vi at mange av desse aktivitetar vil forsvinne på sikt.. Eksempel på dette kan vere skulemusikken, 17. mai-feiring og idrettslaget sine aktivitetar for barn og vaksne.

Når ein ser på dei ulike alternativa i framlegget til kommunedelplanen, punkt 15.0, er nokre alternativ godt utgreia, andre ikkje så mykje. Vi meiner mellom anna at alternativ F), der ein opprettheld eksisterande skulestruktur men gjer skulen om til oppvekstsenter (barnehage knytt til skulen) er for dårleg utgreia.
Bygdekvinnelaget meiner også at den måten kommunen vel å gjennomføre samanslåing/nedlegging av skular er lite gjennomtenkt og ber preg av hastverk. Det er viktig å bruke tid, ha ein god dialog med brukarane og ta omsyn til alle moment i saka. Å tvinge gjennom ein hurtig prosess der bygdene vert sett opp mot kvarandre, vil gje eit dårleg grunnlag for godt samarbeid i ein eventuelt ny, utvida skulekrins. Dette kan gå ut over trivsel og læringsmiljøet til elevane.

Kommunen er omsider tydeleg på at einaste årsak til samanslåing/nedlegging er økonomiske innsparingar. Ein har rekna på dette og kome fram til tal som viser at her kan det vere noko pengar å hente. Talmaterialet ein legg til grunn er barnetal i krinsane for dei siste 10-12 åra. Så langt vi kan sjå er det ikkje teke høgde for naturlege svingingar i barnetalet i krinsane og vekst i folketalet i bygdene vest i kommunen. Med ein topp i barnetalet i begge krinsane samtidig vil barnetalet bli høgt og behov for utbygging av ein eventuelt fellesskule med behov for meir uteareal bli større enn det ein tek høgde for i dette planarbeidet. Begge skulane har hatt periodar med elevtal på 80-90.

Eid kommune seier at dei ønskjer vekst og med slagord som «Eid inviterer» meiner vi at ein bør legge til rette for vekst i heile kommunen. Då må ein også våge å satse på bygdene. Ein desentralisert skulestruktur, tilrettelegging for husbygging og vilje til å støtte næringsliv og infrastruktur i bygdene vil være markante signal på at Eid kommune verkeleg vil satse på bygdene.

Når det gjeld Kjølsdalen, er ein no inn i ein optimistisk oppsving for bygda. Fleire familiar med små barn har flytta til bygda og bygt hus dei siste åra og enno fleire har gjeve signal om at dei ønskjer å «kome heim» og busetje seg om nokre år. Det er lagt til rette for privat bustadfelt og ei utviding av det kommunale bustadfeltet er også på trappene. Prosessen rundt ny aktivitet i Lefdal gruver gjev utsikter til at det kan bli mange nye arbeidsplassar i krinsen og at dette igjen kan føre til busetjing og auke i barnetalet. Ein lokal skule kan i denne samanhengen vere avgjerande for om folk vel å busette seg i Eid eller Vågsøy.

Bygdekvinnelaget meiner på det sterkaste at økonomiske innsparingar ikkje kan vere einaste kriteria for ei eventuell samanslåing/nedlegging av skular. Dersom ein skal oppretthalde dei gode resultata som ein har i skulen i dag, kan ikkje målsetjinga vere at ein skal bruke minst mogeleg pengar på skule.
Rådmannen si vurdering og tilråding, punkt 16.0 1), viser at tilrådinga er gjort ut frå økonomiske vurderingar.
Med bakgrunn i dei økonomiske vurderingane tilrår han alternativ 15.0 E) ei samanslåing av skulekrinsane Stårheim og Kjølsdalen der den eine skulen vert nytta til felles skule og den andre til barnehage. Alternativ E) inneber at Stårheim barnehage skal inn i det ledige bygget og at ein også vil vurdere å flytten barnehagane på Haugen og Reksnes dit for å lage ein stor, felles barnehage i vestre del av kommunen.
Kjølsdalen bygdekvinnelag ser det som lite praktisk for foreldre frå Stårheim og Haugen, i alle høve dei som pendlar innover mot kommunesenteret i jobbsamanheng, å ha barna sine i barnehage i Kjølsdalen.

Kommunedelplanen tek berre føre seg skulestrukturen, ein har ikkje teke med barnehagane og seier at dette må kome inn på eit seinare tidspunkt. Slik bygdekvinnelaget ser det legg rådmannen sitt framlegg punkt 15.0 E) tydelige føringar når det gjeld barnehage, der val av skulestad også avgjer kvar ein ny barnehage skal ligge. For oss ser dette ut som nok eit eksempel på manglande utgreiing av konsekvensane på dei ulike alternativa ein legg fram.
Kjølsdalen bygdekvinnelag meiner det beste for elevane og krinsen vil vere å behalde dagens skulestruktur, alternativ 15.0 A). Vi ser også positivt på alternativ 15.0 F), eit oppvekstsenter i Kjølsdalen med skule og barnehage.

Helsing
Kjølsdalen bygdekvinnelag

Dianne Eikås (leiar)