I lengre tid har aktiviteten på sida vore under pari. Dette ynskjer vi å gjere noko med. Vi vil gjerne ha innspel frå lag og enkeltpersonar som kan profilere krinsen. Om du ikkje vil leggje inn sjølv, kan du sende ein e-post med vedlegg til jaei@online.no. Vi tek og i mot bilete på fil - gjerne med litt tekst attåt.
Denne gangen set vi inn eit bilete av Espen Lothe - Kjølsdøling som ser ut til å lukkast innan kommersiell ølbrygging. Han har fått fin omtale i fleire aviser. Kanskje ein burde ta meir vare på gamle tradisjonar?