Kjølsdalen krins

Nyhende

Kappabel og matematikk

Av Jan Eide
Matematikkens dag på Haugen
I Sogn og Fjordane har ein i fleire år satsa på matematikk. Eg sjølv hadde gleda av å dele ut Sophus Lie - prisen for 2009 på 25000 kr gjeve av Sparebanken Sogn og Fjordane til Askvoll skule og Gloppen Ungdomskule. No viser det seg at Gloppen ungdomskule viser meir kunnskap i matematikk. Dei vart nr 3 i Kappabelkonkurransen og får uttelling der også.
grunnen til at eg dreg dette fram, er at det viser å stå på og at kunnskap avlar meir kunnskap. Til dykk som les dette: kvifor skulle ikkje vi i Eid kommune greie noko tilsvarande. Om ikkje kan de ha glede ved å prøve dykk på ei av oppgåvene i konkurransen. Trykk på overskrifta for å få opp ei av opggåvene.

Biletet er frå matematikkens dag på Haugen som fekk Sophus Lie-prisen i 2006

Til Eid kommune ved ordførar Edvardsen og formannskapet. Kvifor ikkje byggje vidare på Operaen, Sophus namnet og matematikk meir enn de gjer. Her ligg utviklingsmogelegheiter som de ikkje anar. De kan jo starte med oppgåva på 9-klassenivå..
HVILKET TALL?

· x er et ettsifret tall.
· x + y = 15390
· Hvis man skriver tallet x foran tallet y, får man et nytt sekssifret tall som
er 4 ganger så stort som det sekssifrede tallet man får hvis man setter
tallet y foran tallet x.

Hvilket tall er x?

Om du vil vete svaret kan du prøve deg på denne linken der det ligg fleire oppgåver med facit TRYKK HER

(Sist oppdatert 05.mai 2010, 13:40)

Gå til nyhendearkiv