Kjølsdalen krins

Nyhende

Gratulerer med 17.mai

Av Jan Eide
Flagg © internett
Dagen er komen. For mange ein spanande dag. For andre ein dag der ein reflekterer over livet og tenkjer attende i historia. I Noreg blir denne dagen feira med ein entusiasme som mange andre land misunner oss. Bruk den. Været skal bli bra utover dagen med sol på ettermiddagen. 17-mai nemnda har vore i sving ei god stund og har sikkert kontroll på det meste. Leiar i år er Ole Reinhardt Bugjerde.

Hugsetider for Kjølsdalen Krins:
13.00 Gudsteneste i Kjølsdalen kyrkje.
14.00 Folketoget startar ved kyrkja.
15.00 Feiringa held fram på Kjølsdalen skule. (Mat og kaffi inne - kr 50.- pr stk) Kiosk, leikar, konkurransar, underhaldning

(Sist oppdatert 17.mai 2010, 08:59)

Gå til nyhendearkiv