Kjølsdalen krins

Nyhende

Fylkesbåtflagget

Fylkesbåtflagget
Byråkratane gjer som dei vil. Mange reagerte då Flagget til Fylkesbåtane vart teke bort. Aksjon har vore på gang. Dei fleste har fått med seg dette. Hermund Kleppa som er tilsett i Fylkeskommunen ivrar både for T- skjorte og flagg som kan kjøpast for kr 100.-
På facebook.com kan ein ma. lese dette: (Trykk på overskrifta for meir tekst)
Hermund Kleppa sendte ei melding til medlemene i Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!

Hermund KleppaMay 17, 2010 at 1:45pm
Emne: FSF-flagget som småbåtflagg
Til lukke med nasjonaldagen! Etter at mange har spurt er Flaggaksjonen no i stand til å tilby båtflagget. Det er solid laga i beste god gammaldags Fylkesbaatane stil i standardformatet 50 x 36 centimeter med festeline. Prisen vil vere som for skjortene kr. 100, og du kan tinge det på vanleg vis slik du har tinga skjorter.

Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!Kategori:Felles interesser - HistorieSkildring:Fjord1 Nordvestlandske AS har fjerna det 150 år gamle flagget til Fylkesbaatane frå fartøya til Fjord1 Fylkesbaatane. Det skjedde laurdag 10. oktober. Johs B. Thue tok kraftig til motmæle i Sogn Avis 05.11. Han vil ha flagget tilbake, og han seier kvifor.

Fylkesbaatane sitt flagg er noko mykje meir enn andre reiarlagsflagg. Gjennom 150 år har Fylkesbaatane vore eit fylkestiltak. Det er folket i Sogn og Fjordane sitt flagg. Alle er medeigarar. Johs B. Thue vil vita kven som representerte han då den nye flaggpolitikken blei fastlagd, og han oppfordrar fylkespolitikaren Heidi Katrin Osland om å ta tak i saka.

"Fylkesbaatane er tradisjon, identitet og fylkeslim. Med eige flagg. Vårt flagg", slår Johs B. Thue fast til slutt. Han vil ha flagget til Fylkesbaatane tilbake. Det vil me og! (les mindre)
Fjord1 Nordvestlandske AS har fjerna det 150 år gamle flagget til Fylkesbaatane frå fartøya til Fjord1 Fylkesbaatane. Det skjedde laurdag 10. oktober. Johs B. Thue tok kraftig til motmæle i Sogn Avis 05.11. Han vil ha flagget tilbake, og han seier kvifor.

Fylkesbaatane sitt flagg er noko mykje meir enn andre reiarlagsflagg. Gjennom 150 år har Fylkesbaatane vore eit fylkestiltak. Det er folket i Sogn og Fjordane sitt flagg. Alle er medeigarar. Johs B. Thue vil vita kven som representerte han då... (les meir)Personverntype:Open: Alt innhald er offentleg.

(Sist oppdatert 18.mai 2010, 07:19)

Gå til nyhendearkiv