Kjølsdalen krins

Nyhende

Klimadebatten og CO2

Klima2
FN's klimapanel IPCC fekk gjennomgå i ein rapport for litt sidan. Nokre enkle naturlover styrer klima, meiner tidlegare leiar for Klimarealistane Per Engene. Ved å trykkje på overskrifta, kan de lese kva ha tenkjer. På tide at politikarar vaknar. Det er nok heilt andre ting enn CO2 som påvirkar klimaet. Men regjering og politikarar veit å gjere "peng" av dette også.
Per Engene,
Valenvegen 208,
3800 Bø i Telemark. 16. sept. 2010
Tlf.: 35 95 12 44.
Epost: prengene@online.no

Sentrale naturlover som styrer klimaet.
Nokre sentrale naturlover som styrer klimaet viser at FN's klimapanel, IPCC, tek feil. Den eine av naturlovene seier at det er temperatur og trykk som bestemmer kor mykje vassdamp lufta kan ta opp og halde på. Med høgare temperatur kan lufta ta opp meir vassdamp. Når varm fuktig luft blir avkjølt, må lufta gje frå seg overflødig vassdamp. Me får dogg, skodde og nedbør, noko alle kan observere. Når varm havluft møter fjella på Vestlandet, og lufta blir pressa til vers og avkjølt, får me kraftig nedbør. Det same skjer når varm fuktig luft møter ein kaldfront. Denne naturlova styrer fordamping og nedbør, som er ein viktig del av klimaet.

Den same naturlova gjeld på same måten for CO2 og fleire andre gassar. Når varm luft med stort innhald av CO2 blir avkjølt som hjå oss om vinteren og i arktiske strøk, blir overflødig CO2 løyst opp i nedbør, vatn og hav. Det motsette skjer om sommaren hjå oss og i tropiske strøk der eit undertrykk av CO2 i lufta får vatn og hav til å boble CO2 på same måten som ei flaske øl boblar CO2. Til saman er det 500 mrd. tonn CO2 som blir sirkulert ned i havet, og nesten like mykje opp av havet per år. Det er tjue gonger så mykje CO2 som dei 25 mrd. tonn som kjem frå brenning av fossilt brensel, og som blir med i dette dragsuget. Denne naturlova styrer dermed gassbalansen for CO2 mellom luft og vatn, ein del CO2 i luft i forhold til 50 delar CO2 i vatn.

Men CO2 er usynleg, og "nedbøren" frå CO2 er også usynleg. Me kan heller ikkje sjå at havet boblar CO2, berre at ølet boblar CO2. Lova gjeld like fullt, og fører til at det er fysisk umuleg at UTSLEPP av CO2 kan gje høgare temperatur på jorda. Normal mengd CO2 i lufta på 300-390 ppm gjer at CO2 står for 1,6% av atmosfæreeffekten, eller om lag 0,5 grader C, av i alt 33 grader C. Ekstra UTSLEPP av CO2 fører ikkje til høgare temperatur; for det første fordi overflødig CO2 blir effektivt løyst opp i vatn og hav, for det andre fordi 390 ppm CO2 absorberer så godt som alle varmestrålar i CO2-spekteret, slik at det ikkje er fleire varmestrålar å absorbere. Legg merke til at det trengst ikkje fleire bevis for å leggje propagandaen frå IPCC død. Ei klimakrise pga. utslepp av CO2 er berre rein innbilling.

Fleire naturlover som styrer klimaet viser det same: Absorpsjonslova, Henrys lov, Guldberg-Waage-lova og dei termodynamiske lovene.

(Sist oppdatert 22.september 2010, 06:50)

Gå til nyhendearkiv