Kjølsdalen krins

Nyhende

Debutant på Julemesse

Av Fjordabladet 29.11.2005
Karen-Merete Bruland debuterte med si første separatutstilling under Sanitetskvinnene i Kjølsdalen si julemesse.
Karen Merete Bruland har alltid likt å lage bilete.

Enkelte bilete er heilt naturalistiske, medan andre har eit meir abstrakt nonfigurativt preg.
Når eg malar tenkjer eg ikkje i det heile tatt, det kjem liksom av seg sjølv, seier Bruland som likar aller bes å lage oljemåleri.

Bruland starta si yrkeskarriere som snikkar, tok seinare utdanning som sjukepleiar og jobb ved Nordfjord sjukehus. I dag vekependlar ho til Bergen der ho studerer prsykologi.

- For meg er målinga langt på veg ein form for terapi, seier Bruland som viste fram mykje av eigenproduksjonen under julemessa i helga.

Tormod Flatebø (utdrag)

(Sist oppdatert 29.november 2005, 20:40)

Gå til nyhendearkiv