Kjølsdalen krins

Nyhende

Julegrana 2005

Av Rønnaug Leite
Julegrana på Tusenårsstaden ved Kjølsdalen skule har vakse seg stor!
Frå å vere ei lite "granbarn" har treet vakse seg ungt og vakkert.
I kveld var grana ekstra vakker med tende lys og kvite, snøkledde greiner.
Skulemusikantane spela, og barn både barn og foreldre kosa seg over snøen som dala ned og gjev julestemning. Varm gløgg og pepperkaker smakar ekstra godt ein slik kveld!

(Sist oppdatert 29.november 2005, 21:27)

Gå til nyhendearkiv