Kjølsdalen krins

Nyhende

Sogeskrift om krigsåra

Også eit julegåvetips!

Av Fjordabladet
I morgon, onsdag, kjem Sogeskrift for Eid 2004/2005 i handelen. Årets utgåve er den største som har vore utgjeven, med heile 220 sider. Temaet er 2. verdskrig, og mange personar som opplevde krigen fortel si historie.
Av Yngve Tolaas, 05.12.05

Finn Egil Eide er kunstnaren bak omslagsbiletet til Sogeskrift for Eid 2004/2005
Bakgrunnen for emneheftet er at skriftstyret for Sogeskrift for Eid for tre år sidan gjekk ut med ei oppmoding til lesarane om å samle stoff til eit temahefte om Eid i krigsåra 1940-45. Tanken var i utgangspunktet å lage eit samla oversyn over krigssoga i Eid, men målsetjinga blei endra undervegs. Skulle ein få til ei samla krigssoge frå Eid, ville det krevje langt større plass enn sogeskriftformatet tillet.

- Vi har samla artiklar om folk som opplevde krigen. Desse personlege røystene var unge eller unge vaksne i krigsåra, seier Kjell Nøstdal, som er ein av dei tre redaksjonelt ansvarlege for sogeskriftet.


Les meir i tysdagsavisa...

Henta her!

(Sist oppdatert 05.desember 2005, 22:36)

Gå til nyhendearkiv