Kjølsdalen krins

Nyhende

M/S "Atløy" til kai i Kjølsdalen

Av Eidaportalen
Kjølsdalen - Fredag 28.04 kl. 09.30 - 11.00
Klart for ny Fjordaferd
26.04.2006

FJORDAFERDA er ei gjenskaping av gamle tradisjonar. Kystmuseet i Sogn og Fjordane vil i perioden 26. april - 3. mai 2006 gjennomføre ei moderne fjordaferd. Dei dreg til Nordfjord med den gamle fjordabåten M/S ”Atløy”. Om bord er historiske utstillingar om fiskaren og fjordabonden sitt liv og virke. Vi bringer med oss fisk av ulike slag, tønner og stampar, tjære, ved, hefter, bøker og andre produkt. Det er sal av varar på kvart stopp. Ruta går frå Florø i sør til Selje i nord, og heile Nordjord til endes.


Fjordaferda vil i år ha følgjande stopp i Eid:
Kjølsdalen - Fredag 28.04 kl. 09.30 - 11.00
Hennebygda - Laurdag 29.04 kl. 09.30 - 11.00
Torheim - Søndag 30.04 kl. 19.00 - 20.00
Stårheim - Måndag 01.05 kl. 09.30 - 10.30
Nordfjordeid - Måndag 01.05 kl. 11.30 - 13.00

Les meir om Fjordaferda her
Reiseruta finn du her

(Sist oppdatert 26.april 2006, 18:20)

Gå til nyhendearkiv