Kjølsdalen krins

Nyhende

Soppkurs i regi av Bygdekvinnelaget

Av Rønnaug Leite
Soppkyndig Anne Bråten Seljeset frå Hornindal tok oss med på ein lærerik og spennande sopptur.



















Vi fann gode matsoppar som kantarell, piggsopp, steinsopp og traktkantarell, men vi fann også rikeleg av både giftige og mindre gode soppar.



















Vi renska soppen vi hadde plukka og laga dei nydelgaste rettar som vi åt rett frå panna;
* traktkantarell med bacon og løk
* soppstuing av piggsopp med løk og bacon
* hjortekarbonader med kantarell
* ostesmørbrød med soppblanding



















God sopptur!





















Soppkarbonader

1/2 kg kjøttdeig
1/2 kg sopp
3 egg
salt og pepar
vatn/fløyte
kveitemjøl

Ha soppen i tørr steikepanne og kok ut krafta.
Hakk soppen.
Bland kjøttdeig og sopphakk, tilset egg og krydder og ha i væske og kveitemjøl til god konsistens.
Steikast som karbonader i smør.

God apetitt!

(Sist oppdatert 19.september 2006, 18:48)

Gå til nyhendearkiv