Kjølsdalen krins

Nyhende

Pølsekurs

Av Kjølsdalen Bygdekvinnelag
Heile 16 røynde og mindre røynde pølsemakarar deltok på Bygdekvinnelaget sitt pølsekurs i Kjølsdalen samfunnshus.
Kursinstruktør var Egil Dahl som driv verksemda Eidfisk på Nordfjordeid. Han kan både kjøt og fisk, og målet med kurset var å få lære å lage julepølse - viltpølse med hjortekjøt - ein ressurs krinsen har mykje av. Alle hadde med 5 kg ferdigmalt hjortekjøt. Deltakarane fekk vidare ca. 2 kg kjøt av sau og 3 kg småflesk. Krydder vart tilsett og elta saman. Bort imot 10 kjøkkenmaskiner dura samstundes og meter på meter med pølser vart produsert. Pølsene skal henge 2 døgn før eit godt måltid og fryselagring. No ventar mange familiar i Kjølsdalen spent på prøvesmaking!

(Sist oppdatert 16.november 2006, 18:59)

Gå til nyhendearkiv