Kjølsdalen krins

Nyhende

Onsdagsturar i skog og mark 2007

Av KKUL
Kjølsdalen sanitetsforening har i 12 år arrangert onsdgsturar. Vi har lagt opp til mange ulike turar, både familieturar, eldretur og turar for spesielt spreke. Onsdag 23 mai går første tur Årdal - Storehornet - Gapahuken - Årdal.
Turnemnda har annonsert 19 turar denne sesongen. I fjor haust fekk laget midlar frå Fylkeskommunen til helseførebyggjande tiltak som vil bli brukt på turane + overraskingar. Premiering til dei som går flest turar.

23.05.2007 kl. 18.00
Årdal - Storehornet - Gapahuken - Årdal
Frammøte i Årdal.
Fellestur med Bryggja sanitetsforening.
Turleiar Jenny Aardal

Turar som kjem er mellom anna søndagstur til Ytre Fure (10.06.07), Myklebustsetra i Ålfoten (18.07.07) og helgetur til Luster med tur til Fanarokken og fjell/høgdegardane Fuglesteg og Skori (25. - 27.07.07).

Velkomne på tur med Kjølsdalen sanitetsforening!

(Sist oppdatert 23.mai 2007, 18:17)

Gå til nyhendearkiv