Kjølsdalen krins

Nyhende

Kort referat frå bygdesamlinga 2007 i Fjærland

60-70 personar møtte fram

Av Jan Eide
Fjærland © Jan Eide



Klimautstillinga på Bremuseumet var ein av postane på samlinga i Fjærland.



.
Panelet under debatten under samlinga i Fjærland 06.09.2007 © Jan Eide På biletet ser vi frå venstre Brigt Samdal frå Eikefjorden, Ann-Hege Hanstad frå fylkesmannen og rektor ved Høgskulen I Volda Jørgen Amdam.
Konferansen vart leia av Claus Kvamme som no set på Fylkestinget. Eg og to andre frå Eid kommune var til stades. Eg vart mektig imponert over Bygdeutviklingsprogrammet i Eikefjorden. Samdal og Per Øyvind Sørbø la fram resultata dei hadde oppnådd til no i Eikefjorden. Ein kapitalauke frå 240 000 frå kommune og fylkeskommune har til no enda opp i over 11 mill kroner i realiserte tiltak. De finn meir på nettstaden deira: Eikefjorden si webside
Jørgen Amdam gav tips om korleis kommunane burde kunne utnytte gevinsten i pensjonistar over 52 med god helse og pengar på bok. Det burde vere ei gullgruve for kommunar som vil satse på denne aldersklassa. Statestikk over utflytte og heimflytte personar frå ulike kommunar i S&F vart presentert. Vi har ein jobb å gjere. Kvifor ikkje satse på dette i Eid?
Hanstad tok føre seg bioenergitemaet og var nøkter med kostnadsanalyse og framtid. Enova yter støtte til vassboren varme og er noko å tenkje på når det gjeld nye boligfelt. Underteikna held kontakt med henne framover.

Eg hadde meg med saka til Marius Årdal ang. stilling innan 4 H og ung framtid. Eg sa frå om at det er ei skam av fylkeskommunen å ikkje yte pengar til ei stilling som dei etablerte har problemer med å fylle. Eg etterlyste fylkespolitikarar i salen - og då viste det seg at Claus Kvamme set på Fylkestinget. Han fekk overlevert kopi av artikkelen i Fjordabladet og beden om å sjå på saka og ta den opp i Fylkestinget. Til Marius vil eg gje rådet å sende saka til Fylkestinget via fylkesordføraren.
mvh
Jan Eide leiar KKUL

(Sist oppdatert 07.oktober 2007, 15:44)

Gå til nyhendearkiv