Kjølsdalen krins

Nyhende

4-H Festen over

Mykje fin ungdom

Av J. Eide
Haustfest 4-H 2007 © J. Eide
Fullt hus i Kjølsdalen Samfunnshus i går fredag 26.10. Over 40 ungdomar fekk utmerkelse for utført 4-H utgåve. God mat, fint program og stemning gjorde kvelden til ei oppleving. Aspirantane kunne leksa si og framførte prinsesse "Vil Ikkje". Elles framførte Nina Erviksæter fin sang. Sketsjar og danseframsyningar med play back gjekk unna. Country-gruppa med 4 godt kledde gutar gjorde inntrykk. Ein fin kveld godt leia av Elisabeth Sundal Laugerud og Dianne Eikås.

(Sist oppdatert 27.oktober 2007, 12:57)

Gå til nyhendearkiv