Kjølsdalen krins

Nyhende

Kjølsdalingar var med på vinnarlaget til Jølster

1.plass i Siddis Brass 2007 som gjekk av stabelen 3. nov.

Brassutstyr © Internett
Fem kjølsdalingar var med då Jølster musikklag vann den nasjonale underhaldningskonkurransen Siddis Brass i Stavanger laurdag. Korpset under leiing av Arvid Anthun gjekk heilt til topps i 2. divisjon med høgast poengsum uansett divisjon, og solistpris til tubaist Svein Henry Langåker. 98 av 100 moglege poeng på musikalsk framføring er ein ekstremt høg poengsum, og med ti av ti oppnåelege poeng for programval, gjekk jølstringane heilt til topps i si første Siddis-deltaking. Leif Telvik, Geir Sundal, Eldri Rimmereid, Anita Leite og Helga Didrikke Sundal har spelt ilag med Jølster musikklag den siste tida for å vere med på konkurransen. Turen gjekk frå Vassenden til øving og overnatting i Bergen torsdag, før vidare reise til Stavanger fredag, konkurranse laurdag og 11 timar heimreise søndag. Biletet er av konserthuset i Stavanger Konserthus

(Sist oppdatert 15.november 2007, 11:49)

Gå til nyhendearkiv