Kjølsdalen krins

Nyhende

Geir Lefdal ny leiar for Elskhug og Eksis

Neste framsyning 2009

Portrettbilete av Geir Lefdal © Jan Eide
Geir Lefdal ny leiar i Elskhug og Eksis
16.11.2007
Elskhug og Eksis avvikla årsmøte og "mimretreff" på Nordfjord Hotell torsdag 15. november. Geir Lefdal overtek som styreleiar etter Gunnar Ellingsen.
Det møtte fram i overkant av 50 vaksne + 10-15 born til samlinga.
Samlinga starta med ordinært årsmøte kl. 19.00.
Årsmeldinga frå styret vart samrøystes godkjent.
Styreleiar Gunnar Ellingsen hadde sagt frå seg attval og Geir Lefdal overtek "stafettpinnen" som styreleiar og skal føre arbeidet vidare.
Gunnar Ellingsen fekk overrekt helsing og takk for den store innsatsen han har lagt ned for Elskhug og Eksis.
Etter årsmøtet var det "mimretreff" der m.a. Lars Lunde hadde stilt ut og selde nydeldege bilete frå førestillingane. Ellers var det servering av pizza, vising av video-opptak frå framsyningane og sosialt samvær.
Michael Pavelich heldt ei kort eveluering av årets førestilling, gjorde greie for kva tilbakemeldinga ein har fått og kva ein ser som forbetringspoternsiale framover. Neste framsyning av stykket er i 2009.
Som vanleg var Michael engasjert og inspirerande - og mange vart der og då budde til å gå laus på nye førestillingar!!
Etter kvart løyste forsamlinga seg opp og gjekk kvar til sitt. Teksten er henta frå linken:
Elskhug og Eksis

(Sist oppdatert 16.november 2007, 18:45)

Gå til nyhendearkiv