Kjølsdalen krins

Nyhende

Kampen om skulane er i gang på nytt

Skulestrukturen under lupa

Av Jan Eide
Elevknippe ved kjølsdalen skule
Nytt budsjettår - same problem som før: For lite pengar. Det skal gå ut over elevar og dei eldre trengande. I Fjordenes Tidende i dag 30.11 seier Silden:
Omorganiseringa skal ikke
gå utover læringa for elevene,
sier ordfører Roger B. Silden
(Ap)
Kven trur på slikt?
Sjå elles denne linken:Skulekutt

På biletet ser vi eit knippe elevar frå Kjølsdalen krins. Dei eldste av desse burde kunne engasjere seg i å behalde skulen vår.
Utan skule og butikk er min påstand det viktigaste middel til å avfolke ei bygd på - langsomt og pinefullt. Førebels har vi begge deler. Vi vil ikkje misse det vi har. Jan Johansen på butikken vår gjer ein kjempejobb og greier truleg å halde oppe drifta av denne. Dersom han ikkje greier det er det truleg at ingen greier det. Skulen har ca 60 elevar, men vi skulle gjerne hatt fleire. Difor er det viktig at vi får klargjort byggjefelt. Det er sett av kr 1 mill til utviding av feltet i stranda og ein arbeider med privat byggjefelt på Gilleshammer om ikkje motstanden blir for stor. Satsinga på Skofabrikken og Slaktehuset i Kjølsdalen er positive signal for å få til noko i krinsen. I Lefdal strir dei om torskeoppdrett. Kanskje burde dei drive eit slikt sjølve og dermed sikre nokre arbeidsplassar lokalt.

Men fyrst og fremst bør ein no stå på for skulen. Flytting av elevar skular i mellom gjev liten gevinst - kanskje heller tap når ein tek alt under eit. Kunne ha vore kjekt å vite kva ei slik kartleggjing vil koste - det er truleg bortkasta tid og pengar. Ein kunne ha gjort dugnad på noko som det var meir inntekter på. Dette skapar berre frustrasjon og elende for alle partar.

Mitt råd til Ordførar, varordførar og rådmann er: Les nokre få av alle dei rapportar som er laga frå "vetugt hald" når det gjeld skulenedlegging og dei problem som dette skapar. Finn de ikkje fram skal eg prøve å hjelpe dykk. Torodd Fagerheim leiar i LUFS (Landslaget for nærmiljøskolen) kan vere ein person å vende seg til.

De kan starte med Transport og skadar

(Sist oppdatert 30.november 2007, 09:53)

Gå til nyhendearkiv