Kjølsdalen krins

Nyhende

Jakta 2007 er slutt

Kjølsdalen Jaktlag hadde 91% uttelling

Av Jan Eide
Carin og Tore © Jan Eide
Av alle valda i Eid var Kjølsdalen best når det gjeld felling med 91% av tildelte dyr. Gilleshammer Kjøllesdal og Humborstad hjortevald (GKHH) oppnådde 100% ved at dei skaut alle sine 48 dyr. Av desse 48 stod Kjell Tore for 18 og Carin for 9 (sterkt). Vi får vone at det ikkje blir ei for brå omveltning no når jakta er slutt. I staden får ein telje dagar til neste jakt. Nokre av valda har sett av dag til jaktfest. For GKHH blir dette 22 feb - etter årsmøtet. Fleire bilete under Jakt og fiske. Ein vil sjå Helge og Svein skjere kjøt, Geir pakke inn kjevar som skal til analyse.. Dersom det er andre vald i Kjølsdalen krins som ynskjer å legge ut litt om sitt arbeid ta kontakt . Jan Eide
e-post adressa til Tormod . tormod.hopland@hjemme.no
Jan E. Jaei@online.no Tlf nr finn de på Gule sider

(Sist oppdatert 05.desember 2007, 07:35)

Gå til nyhendearkiv