Kjølsdalen krins

Nyhende

Mjølkebilen kom ikkje opp til Årdal/Tømmerstøl

Kommunal veg ikkje god nok

Av Jan Eide
Mjølkebil

..
veg til Årdal © Jan Eide

Kommunal veg må utbetrast. Den fyrste svingen frå riksvegen opp til Årdal på Reksnes set kjeppar i hjula for mjølkeprodusentane. Forrige mandag kom ikkje mjølkebilen seg opp. Med omtrent full tank og boggihjula nede greier ikkje mjølkebilen å runde denne svingen. Det er kommunal veg. KKUL tek no opp saka og vil presentere den for Gerd Fløde Bjørlo i dag.
I Kjølsdalen er og vegstandarden dårleg - dette er peika på tidlegare. Kor tid kommunen vil gjere noko er usikkert, men utviklingslaget vil no setje press på for å få i gang planlegginga. I Årdal er saka ei hastesak der ein snarast må få ordna på tilhøva. Det gjeld to punkt. 1 Svingen . 2. krysset Tømmerstøl/Årdal.

(Sist oppdatert 06.desember 2007, 08:22)

Gå til nyhendearkiv