Kjølsdalen krins

Nyhende

Ei lukkeleg julehistorie

Katten på vidvanke kom heim til jul

Svart katt med kvite flekkar fann att familien sin.
katt
I nesten ei veke har "svartpus" hatt buplass på Nordbø. Det har vore ein svært kjelen og familiær katt. Sidan vi hadde katt frå før har vi i lengre tid prøvd å finne rette eigaren. Vi har ringt rundt og folk har vore på vitjing for å sjå på katten, men nei ikkje deira. Så i dag på sjølvaste julaftan fann vi fram til rette eigaren. På føremiddag kom dei og henta den. Alle lukkelege: Vi slapp å stresse meir, eigaren fann endeleg att katten. Og katten sjølv- tok det svært så roleg der den spankulerte med halen til vers og såg ut til å trivast.
God jul til katten og familien - får vone dei finn ein presang til han no når han er komen heim

(Sist oppdatert 24.desember 2007, 13:19)

Gå til nyhendearkiv