Kjølsdalen krins

Nyhende

Eid kom. og leirskuleopplegg. KKUL engasjerer seg i saka

Av Jan Eide
I Fjordabladet på laurdag kunne ein lese korleis Oppvekst og Kulturstyret i Eid handsama problemet:Leirskule.
Etter mitt syn er Eid på ville vegar når det gjeld ungdom og framtid. Her ser ein korleis dei "vaksne" driv med idedugnad, grunderverksemd etc og brukar store summar på dette, medan dei let dei unge "segle sin eigen sjø". Eg har difor sendt OK-nemnda ein e.post( dei som har e-postadresse lagt ut på nettet) og stilt dei nokre spørsmål - sjå linken. Dette er berre ein lekk i ein lengre prosess som eg vonar kan bli til noko positivt for dei unge i Eid.
leirskuletre
Dette er medlemane i oppvekst og kulturstyret:
Huneide, Jostein H Utvalgleder 57861313
Os, Oddvar AP Nestleder 57864704/4700 oddvar.os@yit.no
Hjelle, Olav M. SP Medlem 81522002
Navelsaker, Jorunn SP Medlem 57 88 50 00 jnavelsaker@hotmail.com
Nyland, Rita Karin AP Medlem 57 00 92 75 rita@trebohus.no
Lefdal, Kristin H Medlem
Stokkenes, Sigrunn KRF Medlem sigrstok@online.no
Sandvik, Jorunn SV Medlem

E-posten

Hei.
Eg sender denne e-posten til dykk som set i Oppvekst- og kulturstyret og som har e-postadresse på kommunen si side. De får eventuelt orientere dei andre.
Grunnen til at eg sender dykk dette skrivet er med bakgrunn i saka om leirskular i forrige veke der det etter mitt syn er Sigrun Stokkenes den einaste som meiner noko positivt om saka.
Eg er leiar i KKUL og kjem til å arbeide vidare med dette i allefall i min krins.
Eg vil spørje dykk om fylgjande:
1. Veit de definisjonen på leirskule
2. Veit de kor mykje elevane i Eid har å seie for Eid kommune si rammeoverføring frå staten.
3. Veit de satsane på støtte frå staten - skal ein søkje i forkant eller etterkant av "turen"
4. Kan de tenkje dykk kor mykje meirarbeid det blir på den enkelte lærar om ein skal gjere som kommunesjef Sivertsen gav uttrykk for (Fjordabladet): Ein tur på hytte i staden for eit tilrettelagt pedagogisk opplegg på ein leirskule.
5. Betyr vedtaket dykkar at ein skal slå ned på gode og konstruktive idear for å kome på "leir" fordi alle skal gjere som dei minst kreative klassane i Eid.
6. Har de sjekka kva som står i Soria Moria erkleringa om leirskule
7. Har de tenkt over kor mykje dei unge i Eid tapar på å ikkje få den statsstøtta dei kunne ha fått
8. Var de førbudd på dette møtet når det gjaldt leirskule
9. Vil de motarbeide oss som kjempar vidare for at ungdomen i vår distrikt skal få dei utvilklingsmogelegheiter dei har krav og rett på.
Eg kunne ha teke med meir, men det får vere nok for denne gang. Det hadde vore fint om de svarar, men forventar det ikkje. Uansett vil eg bruke dette i mitt arbeid vidare for at dei som vil på leirskule skal få lov til det. Eg legg dette ut på www.kjolsdalenkrins.no slik at dei som ikkje har fått e-posten fordi eg ikkje har e-post adressa deira kan lese det der.

mvh
Jan Eide leiar KKUL

Ps. I samtale med Sivertsen seier han at Eid kommune får 1100 kr i overføringsramma pr elev. Dette blir brukt til andre ting enn det dei var tenkt til. Ds.

(Sist oppdatert 28.januar 2008, 13:26)

Gå til nyhendearkiv