Kjølsdalen krins

Nyhende

Endeleg - tippinga er i gang i Kjølsdalen

Jan Johansen ved Joker er optimist

Av jan Eide
Tipping © jan Eide
Sverre Humborstad er ein av dei som nyttar tilbodet ved Joker. Endeleg har dei mindre butikkane fått høve til å gje kundane den tenesta folket er ute etter. I mange år har vi i Kjølsdalen kjempa for butikken og dei servicetenester som logisk skulle vere med. Politikarane har vore tafatte og gjort ein dårleg jobb. Når ein har konfrontert dei med problemet - får ein "god dag mann øksaskaft" til svar. Jokerkjeden har vel vore dei saman med Merkur som har fått gjennomslag for opnig for tipping på landsbygda. No får vi vone at folket ikkje går heilt av skaftet slik at ein må inn med hjelp for spelegalskap. Lukke til med kupongane framover.

(Sist oppdatert 23.februar 2008, 11:20)

Gå til nyhendearkiv