Kjølsdalen krins

Nyhende

No må Eidaportalen skjerpe seg.

Bilete som ikkje stemmer med verkelegheita

Av Jan Eide
sommertid2
Eidaportalen er tidleg ute med nyhende om enn ikkje så tidleg som vi på web-sida til KKUL. Eit bilete som Eidaportalen brukar fortel at klokka skal attende og i tillegg står visarane feil. Ei klokke som er riktig konstruert har ikkje langvisaren på 12 og samstundes småvisaren på halv-3.
Eidaportalen og feil klokke
I dag 31 mars har Eidaportalen retta opp dette med biletet av klokka og funne eit nytt. Eg tykte det var litt morosamt at ein oppdaga feilen - så kunne andre lære litt også.
JE.

(Sist oppdatert 31.mars 2008, 09:02)

Gå til nyhendearkiv