Kjølsdalen krins

Nyhende

Kjølsdalen skule skal leggjast ned

Av Jan Eide
vegarbeid
I dag fekk vi vite at Kjølsdalen skule bør leggjast ned. Ein "kunnskapsrik" skulesjef i Eid: Sivertsen, står fram som stor pedagog på NRK og fortel kor bra det er å få større einingar når born skal lære noko. Biletet på dette innlegget illustrerar noko som Sivertsen og Eid kommune ikkje forstår. Det er med mykje dugnadsarbeid og lite løn ein er komne der ein er i dag. Og så skal byråkratane og "dei vetige" ta frå oss det vi prøver å få til. Ta kontakt med naboen og gjer dykk klar til å kjempe for skulen vår. Vi har greidd å halde på butikken, vi må greie å få ha skulen også - om ikkje, flyttar eg. Jan Eide

(Sist oppdatert 20.april 2008, 15:28)

Gå til nyhendearkiv