Kjølsdalen krins

Nyhende

Misser vi dette?

17 mai 2003

Av Jan EIde
17 mai 2003
Biletet er frå 17 mai 2003. Vil vi misse dette? Treet bak er planta for å vere julegran. Bør vi fjerne det med det same med rådmannen som sagførar?
I dag 17 april høyrde de ein forbanna KKUL leiar på radioen. Det er måte på tull ein finn på for det dei trur skal sparast pengar på. Rådmannen får seie det han vil om "lure" grep, men skulen tek han ikkje frå oss! Då er eg meir redd leiaren i Kultur og Oppvekstutvalet som var positiv til tanken om å leggje ned Haugen og Kjølsdalen skule. Når ein leiar i eit utval ikkje greier å svare på eit ope brev i lokalavisa om leirskulepengar og vedtak - då bør vi andre som det går ut over, få ei bjølle til å ringe. Vi har hatt ein sterk og dyktig skulesjef i Eid: Inge Gjuul. Slik han organiserte skulestrukturen i Eid var eit mønster for fleire kommunar. No har vi 5 krinsar - og det fungerar godt. Vi skal nok plukke i frå kvarandre tala som blir lagt fram om innsparing. Eg reknar med at transport av elevane er med i dette og at Eid ikkje er kyniske og let Fylkeskommunen betale dei utgiftene for å få eit godt rekneskap. Det blir tøffe tider framover - no må alle engasjere seg. Meld dykk inn i KKUL, både lag og enkeltpersonar, så får vi kanskje gjort noko. Jan Eide

(Sist oppdatert 17.april 2008, 07:58)

Gå til nyhendearkiv