Kjølsdalen krins

Nyhende

Administrasjonen i Eid kommune og kommunikasjon.

Av Jan Eide
Gerd Fløde © Fjordabladet
Skulekamp på ny - kvifor?

Eg sende i går fredag 18 april e-post til rådmann Vidal og kommunsjef Sivertsen og bedt om fakta. E-posten les de her.

Eg tykkjer det er trist å måtte gå på nok ei runde om Kjølsdalen skule, spesielt trist er det at dette utspelet kjem frå "to vetige i øvste skikt" i Eid kommune.

Eg sa til Vidal tidlegare i haust utanfor rådhuset at det er tull å bruke tid og pengar på dette.

Når så Sivertsen går ut i media og brukar"pedagog" som kriterie for at det han står for er rett - då lurer eg på kva det er vi held på med. Sivertsen veit sjølv kva eg står for og kva eg meiner. Men dette Harald er å gå for langt. Du trekte deg i vår korrespondanse når det gjaldt leirskulepengar og fakta rundt det. Det minste ein bør forlange av ein på toppen er at ein får dei rette opplysningane når ein spør om dei.

Så til Vidal: kan eg få ein kopi av dei faktura som er betalt for dette arbeidet med nedlegging? Når de er så gode på tal, kan eg få eit stipulert tal på antal timar som er brukt på dette arbeidet av personar i Eid kommune.

Eg meiner at vi som arbeider mest for å oppretthalde bygdene får dei opplysningane vi treng for vårt vidare arbeid. Eg er lei alt spelet som går føre seg der mykje skal haldast skjult. Det er andre som kan tenkje og rekne enn konsulentar og dykk på toppen.

Eg vonar eg får svar i dag - om ikkje blir dette lagt ut på nettet til orientering for alle både i vår krins og i Eid kommune. I går gjekk tida med til innspel til Sunnmørsposten og Fjordabladet + NRK.

Har lest Fjordenes Tidende i dag der Hans Petter Gilleshammer gjer eit viktig grep: styre rådmann og adm. leiing

med helsing
Jan Eide
leiar i KKUL

Dette vil bli distrubert rundt til det ganske land via internett slik at alle kan sjå kor lite respekt innleigde rådmenn og tilsette i kommunen har ovanfor oss som tross alt betalar løna til desse.

Biletet er av Gerd Fløde Bjørlo som er plansjef i Eid kommune. Ho burde kunne hjelpe dei to nemnde karar med å få ut dei opplysningane vi er ute etter. Biletet er henta frå Fjordabladet si internettside.

(Sist oppdatert 19.april 2008, 06:43)

Gå til nyhendearkiv