Kjølsdalen krins

Nyhende

Kjølsdalen skule blir ikkje lagt ned og då heller ikkje seld

Av Jan Eide
Norsk flagg
Kollset'n frå NRK ringde meg sa at skulerapporten om skulane i Eid vart lagt daud i dag 28/4 på formannskapsmøtet. Sidan det er mørkt ute og ein ikkje kan ha opp flagget, gjer eg det her på web-sida vår. Vi får i alle fall fred ut denne valperioden. Så får vi bruke tida fram til neste val å finne på positive ting vi kan samarbeide om i krinsen vår.

Vi må hindre at barnetalet går ned - elles får vi vel kniven på strupen nok ein gang. I mellomtida kan ein leite etter forskingsrapportar som seier at ein liten skule kan vere vel så god som ein stor skule. Det er nok av dei.

Det hadde vore fint å ha fått ein oversikt over kva dette "spelet" har kosta Eid kommune, men det får vi vel aldri vite - diverre.

(Sist oppdatert 28.april 2008, 23:06)

Gå til nyhendearkiv