Kjølsdalen krins

Nyhende

Nytt privat boligfelt i Kjølsdalen

Av Jan Eide
tomtefelt
I dag hadde vi kommunen på synfaring ang. nye tomtar i Kjølsdalen. Jan Eide og Svein Johnsen legg ut areal for dei som er interessert i å busetje seg i Kjølsdalen. På biletet ser de arealet med gul farge. Gilleshammer/Kjøllesdal. Dei to er interessert i å kome i kontakt med folk som kan tenkje seg å byggje her. Dersom ein er med frå starten av, vil dei enkelte få høve til å forme sin heim slik dei vil. Kanskje ein vil samarbeide om oppvarming, veg og kloakk? Ein byggjer for framtida og bør sjå på dei mogelegheiter ein har.
Kanskje nokon av dei 100 på Facebook (mot skulenedlegging) er interessert i ein tomt? I allefall om de vil, har de no høve til å få dykk ein buplass. Tilgang til butikk, skule, kyrkje og transport er det ikkje noko å sei på. Kanskje nokon av dykk også er interessert i hyttetomt, nausttomt? Det kan la seg ordne...

(Sist oppdatert 14.mai 2008, 13:03)

Gå til nyhendearkiv