Kjølsdalen krins

Nyhende

Lefdal og Midthjell får breiband

lefdal

Eid kommune har den 8. mai 2008 inngått kontrakt med Telenor Telecom
Solutions om utbygging av breiband til bygdene Skrede, Torheim, Lefdal
og Midthjell i Eid. Teknologien som vert nytta er Telenor sin
WiMax-løysing, som er trådlaus utbygging. Kvar husstand vil få tilbod
om opptil 1,5 Mb som foreløpig øvre grense. Denne kapasitetsgrensa vil
truleg bli utvida etterkvart som teknologien blir utvikla. Kostnadane
ved utbygginga er delt mellom Eid kommune og Staten/fylkeskommunen.
Prosjektet skal vere ferdig levert innan 31. oktober 2008. Årsaka til
såpass lang leveringstid ligg i kapasitetsproblem hos levernadør av
breibandsutstyr. Dette skuldast at liknande utbyggingar skjer samtidig i
stort sett alle kommunar i Noreg og i mange andre Europeiske land.

Når denne utbygginga er ferdig, vil omlag 99,4% av alle husstandar i Eid
kommune ha tilbod om tilknytning til breiband. Gjennomsnittleg dekning
for Sogn og Fjordane vil vere på omlag 97,5% ved komande årsskifte.


Med helsing
Eid kommune

Ole Starheim
økonomisjef

(Sist oppdatert 15.mai 2008, 08:20)

Gå til nyhendearkiv