Kjølsdalen krins

Nyhende

Aarebrot på Bryggja 20 mai.

Av Jan Eide
bryggja grendahus
Frank Aarebrot samla mange i grendahuset på Bryggja i går kveld.
70% av nasjonalformua blir skapt på Vestlandet, berre 28% blir tilbakeført til sjukehus, vegar og utdanningsinstitusjonar. Aarebrot påstod at det politiske systemet verka sentraliserande.
Frakting av ungar frå 5 - årsalderen er ein lekk i dette systemet. Ungane høyrer jo ikkje til her sidan dei må fraktast bort! For ei bygd er butikk og skule meir vktig enn kyrkja. Skulen skapar identitet og tilknytning til heimstaden. Kva med demokratiet når kommunane blir pålagt stadig fleire "lovpålagde" oppgåver. Ein får ikkje ressursar til å løyse dei. Det er sentral styring som definerer budsjett og satingsområde - ikkje lokalmiljøet.
Mange nytta høvet til å kommentere Aarebrot og ba om råd.Kva kan vi gjere? Eit av svara var konsekvensanalyse som den enkelte bygd kan lage sjølv utan å spørje politikarar eller adm. Ikkje ta alt som står i ein "rapport" frå adm. som god fisk. Mykje som blir presentert som forskingsmateriale held ikkje. Det er mange dyktige personar i det lokale miljø som kan setje tal og ord på framtidige vyer i ein konsekvensanalyse. Det er på tide at lokale krefter tek over lokal styring, men har ein ressursar til dette? Stortingsrepresentantane er som bukken og havresekken.
Takk til FAU v. Bryggja skule og bygdeutviklingslaget som fekk i stand denne kvelden saman med Aarebrot
Aarebrot fekk gåver etter seansen: Fiskeklepp laga av lokal 90-åring og heimelaga lefse og gombe. No er det opp til lokale krefter for å hindre nedlegging av Bryggja og Kjølsdalen skule
Aarebrot2

(Sist oppdatert 21.mai 2008, 07:22)

Gå til nyhendearkiv