Kjølsdalen krins

Nyhende

Orienteringsmøte om trurbok og stiar i Kjølsdalen Krins

turbok
INFORMASJON OG DRØFTINGSMØTE
TURBOK FOR EID KOMMUNE
Til hausten skal det gjevast ut ei turbok for Eid kommune, liknande Oppturboka for Sogn og Fjordane. Ifrå vår krins kan vi få med opp til 10 turar. Kjølsdalen sanitetsforening representerer krinsen i turbok-nemnda, som er oppnemnt i regi av Folkehelsekoordinator i Eid kommune. Vi vil informere om prosjektet og drøfte ein del utfordringar vi ser, slik som mellom anna parkering, vegval (t.d sti eller skogsveg).
Jan Eide vert med og orienterer om kurset han har vore på vedkommande merking av stiar og idear om korleis dette kan utførast.
Møtet blir
TORSDAG DEN 12.JUNI kl 20.00
i Kjølsdalen Samfunnshus
Vi håper at flest mogeleg har høve til å møte!
Med helsing
Kjølsdalen sanitetsforening
v/ Kirsten Kjøllesdal og Jorunn Breiteig
.
Les her korleis Harpefossen har gjort det Harpefossen sin plan

(Sist oppdatert 12.juni 2008, 08:56)

Gå til nyhendearkiv