Kjølsdalen krins

Nyhende

Eid Uskule. Avslutning i Stryn

Av Jan Eide
 © Jan Eide
102 elevar hadde si siste samling i Stryn. Fyrst med program og vitnemålutdeling i kulturhuset i Stryn og deretter middag og dans på Aleksandra Hotell i Loen. Det var ei verdig avslutning med ca 3 timar program av elevar og lærarar og tale av rektor til slutt. Rektor sa mellom anna at dette var ein svært kreativ gjeng. Noko som programmet tydeleg viste.
Vi som foreldre koste oss under framføringa. Vi ynskjer dei flotte ungdomane lukke til vidare i livet. Det er tydeleg at EUS er ein god skule som ligg langt opp på statestikken både når det gjeld fag og sosial tilpasning. Kanskje er skulestrukturen i Eid den som legg grunnlaget for eit slikt resultat? Med flinke lærarar på ungdomsskulen blir resultatet bra. Jan Eide

(Sist oppdatert 18.juni 2008, 08:03)

Gå til nyhendearkiv