Kjølsdalen krins

Nyhende

Blir elevane i Eid fylgt opp?

Av jan Eide
tavle og kritt
På nettet finn ein eit oppslag om at kommunane ikkje føl opp elevane som treng ekstra hjelp. Korleis er det med Eid?
Det er skuleslutt og tid for oppsummering. Rundt omkring er mange foreldre i frustrasjon over at dei ikkje får den hjelp dei har krav og rett på. Kva kan ein gjere? Det er ikkje lett, men foreldrene bør vurdere sak mot kommunen for å få gjort noko.
Mange elevar har krav på spesialundervisning, men får dei det? Eg har tidlegare sett fram påstand om at Eid kommune tek pengar frå elevane ved at dei ikkje får reise på leirskule. Svaret var at ein heller ville satse på større lærartettleik. Korleis ein skal greie dette med større klassar er for meg ei gåte. OK-styret har ei oppgåve som dei bør ta på alvor. Les meir: HER

(Sist oppdatert 19.juni 2008, 09:37)

Gå til nyhendearkiv