Kjølsdalen krins

Nyhende

Gravminne med bilete blir registrerte i Kjølsdalen

Av Jan Eide
Gravplassen i Kjølsdalen
Data i slektsgransking DIS har eit prosjekt som går ut på å leggje bilete av gravsteinar ut på nettet. I dag er omlag 1.7 mill gravminner lagt ut der ca 602000 er med bilete. I Eid kommune har det til no ikkje blitt gjort noko. Men i dag starta ein med fotografering av alle gravsteinane i Kjølsdalen. Ut på vinteren blir dette tilgjengeleg for alle. For dei som er interessert i slekta si ,kan dette vere til hjelp når det gjeld fødsel og død. Det hadde vore fint om nokon andre tok på seg arbeidet med dei andre gravplassane. Det er hjelp å få på kyrkjekontoret for dei som ynskjer det. Dei som ynskjer å prøve basen kan gå inn på:
Gravminner - base
gravstein
Eksempel på korleis bileta blir.





(Sist oppdatert 25.september 2008, 18:49)

Gå til nyhendearkiv