Kjølsdalen krins

Nyhende

Trekløveret 4-H overlevde både storm og 50-års fest 24.10.2008

Fullt hus under vanskelege forhold


Design av Katinka Festen var ikkje før i gang då stormen tok lyset i Kjølsdalen samfunnshus. Med fullsett sal måtte programmet utsetjast og maten kom på bordet under skin frå mange stearinlys. Etter mange forsøk og blinking med lyset kom ein seg gjennom programmet. Det var utdeling av både utmerking for utført 4 - H oppgåve og helsing frå Bondelaget/bygdekvinnelaget samt skulemusikken i høve 50-årsdagen.
I kjellaren var oppgåvene utstilt. Her er 3 av dei: Design, friluftsliv og matstell. Trekløveret 4-H er sanneleg ein levande klubb med mange dyktige ungdomar. Vi gratulerer med vel overstått! Foreldre og andre hadde gjeve gåver til lotteri - her kom det inn 15000.- så pengane sat laust.
Matstell
Friluftsliv





(Sist oppdatert 26.oktober 2008, 08:09)

Gå til nyhendearkiv