Kjølsdalen krins

Nyhende

Slik var situasjonen i 2003 - er vi komne noko lengre? Dette er henta frå arkivsida vår www.kkul.no under nyhende

Møte med Eid kommune
Reguleringsplan for Kjølsdalsstranda

Bygdemøte på Kjølsdalen skule torsdag 9. januar kl. 20.00.
Bygdemøte2
Eid kommune tok initiativ til møtet i forbindelse med reguleringsplanen som er i arbeid frå tunnellen i vest til og med bustadfeltet i aust.

Ei lita gruppe hadde møtt fram for å gje innspel og drøfte det første utkastet til plan for det framtidige sentrum i krinsen vår. Lene Pitt Ulriksen frå Danmark har vore praktikant ved planavdelinga i Eid kommune og utført arbeidet med planen.

Det er svært viktig at Kjølsdalen skule, Butikken Vår, Kirsebærhagen og grunneigarane er med i utarbeiding av planen, men vi skulle også hatt med representantar for dei unge som skal busetje seg her i framtida.
Det vart eit konstruktivt og positivt møte. Dei fleste interesser var tilstades
og var svært samstemde om "kartet" og endringsforslaga.

Asbjørn Tverrberg overtek det vidare arbeid med planen, men plansjef
Elin Leikanger kunne ikkje love når planen vart lagt fram for politisk handsaming.

Eid kommune skriv notat frå møtet og sender over til Rønnaug Leite som hengjer opp planutkastet på Butikken Vår saman med førebels føresegner.
Bygdemøte 2003
Det er svært viktig og prisverdig at Eid kommune tek initiativ til engasjerande lokaldemokrati og aktiv medverknad i planleggingsprosessar
som gjeld framtida til ei bygd/ein skulekrins/eit lokalsamfunn.

(Sist oppdatert 29.oktober 2008, 17:04)

Gå til nyhendearkiv