Kjølsdalen krins

Nyhende

Bruk av FaceBook for å auke medlemstalet i KKUL

facebook
Ser at Svein Petter Starheim administrerar ei gruppe under namnet Kjølsdalen på FaceBook der 114 medlemar er med. Eg har sendt fylgjande brev til Svein Petter og er spent på responsen. Dette er eit forsøk på å få med ungdomen og sjå kva internett kan brukast til.
BREVET:
Ser at du administrerer denne gruppa. Eg går ut frå at de er av og til inn om websida vår på www.kjolsdalenkrins.no. Då ser de sikkert også kva vi strevar med. Det hadde vore fint om du kunne få flest mogeleg til å melde seg inn i KKUL og gjerne vere aktive med omsyn til kva ein bør arbeide med og korleis. Eg saknar ungdomen som medspelar for krinsen. Kanskje nokon vil heim att etter kvart også. Det må vel vere like kjekt å vere med å byggje opp noko her heime som å surfe på andre ute?

Fint om du kunne gje ei tilbakemelding og om du kunne gje eit tips til dei andre om å engasjere seg. Kontingenten er kun kr 100.- og kto nr finn de på websida.
Med helsing
Jan Eide leiar KKUL
FaceBook

(Sist oppdatert 31.oktober 2008, 07:21)

Gå til nyhendearkiv