Kjølsdalen krins

Nyhende

Info om breiband

Ole Starheim informerer

Breiband
Breibandsutbygging til Skrede, Torheim, Lefdal og Midthjell i Eid kommune

Eid kommune har motteke informasjon frå Telenor om forsinkelsar med ferdigstilling av breibandsutbygginga til Skrede, Torheim, Lefdal og Midthjell.
Telenor opplyser følgjande årsaker til forsinkelsane:
• Forsinkelsar på leveranse av utstyr frå underleverandørar til nett og basestasjonar
• Stor mengde av basestasjonar som skal ferdigstillast
• Kapasitet på interne og eksterne ressursar (entreprenørar)
I Eid er det følgjande nye datoar for ferdigstilling:
Kommune Dekningsområde Planlagt ferdigdato
Eid Lefdal, Midthjell 12.12.2008
Eid Skrede 12.12.2008
Eid Torheim 12.12.2008
Telenor og Eid kommune beklagar forholdet og jobbar kontinuerleg med å forsere leveransane som er forsinka. Så snart det blir registrert ferdigdato på basestasjonane i Eid, vil Telenor og Eid kommune gjere tiltak for å nå aktuelle kundar som er innafor det utbygde området.
Eid kommune 7. november 2008

Ole Starheim
økonomisjef


(Sist oppdatert 11.november 2008, 07:08)

Gå til nyhendearkiv