Kjølsdalen krins

Nyhende

Mykje folk på FAU-møte i Kjølsdalen

kommuneadm
Frå venstre rådmann Viddal, ordførar Edvardsen, kommunesjef Sivertsen

Det var mange frammøtte på det viktige møtet om skulenedlegging eller ikkje på Skulen i dag 23/11 kl 2000. Sivertsen orienterte om stoda via overhead etter at ordførar Edvardsen hadde takka for innbydinga. Fleire var fram på og fortalde med kjensler kor viktig skulen er for bygda. Ove Kjøllesdal tok fram fleire viktige punkt om korleis ein kunne kome i land økonomisk og tenkte framtidsretta og var engasjerande. Sølvi Haus, som mor, la vekt på ungane si tilknyting til sin skule, kor viktig det var. Jan Eide la vekt på utviklingslaget si rolle og kor vanskeleg det har vore å å få til noko så lenge Eid kommune har trenert utviklingsarbeid i ytre. Rune Bruvoll la fram kart på tomtar som ikkje er teke i bruk og fekk medhald av Ole Reinhardt Bugjerde i at desse burde kunne gå til dei som ynskte det for ein rimeleg penge. At kjenslene var i sving fekk vi sjå då Hans Petter Gilleshammer snakka varmt om skulen. Han kom ikkje inn på eigedomsskatt, men det gjorde Ove Kjøllesdal og åtvara mot slik skatt for bedrifter som slit på linje med andre.Han peika og på kor urettferdig ein slik skatt kunne bli. Jan Eide sa frå om kva han meinte om AP-orføraren i si rolle i skuledebatten, ho burde stå fram stor og sterk og halde lovnader som dei gjekk til val på, og ikkje som no vingle fram og attende. Som ho sa: eg må ta omsyn til heile kommunen - kva det må bety? Inge Engebretsen etterlyste handling frå kommunen til å få inn fleire innflyttarar. Rådmannen svarte at dei arbeider med saka. Jan Eide spurde om ein ikkje burde sjå på innsparing i adm og brukte eksempel på KIME sitt honorar i Nordfjordrådet på over 500 000 som eksempel. Eid kommune betalar ein del av dette.
Konklusjon: Det blir ikkje nedlegging av Kjølsdalen skule med det fyrste (Om ikkje politikarane går heilt av skaftet)
Tankekors: Jostein Huneide, leiar for OK var sjuk og kunne ikkje stille - kvifor kunne ikkje annan politikar som er medlem i utvalet og frå krinsen gå inn i staden?

Det mest positive: Mange er no i etablererfasen og tek til å byggje i Kjølsdalen Krins.

Ann Magritt Hopland Eikås leia møtet på ein fin måte.






(Sist oppdatert 24.november 2008, 07:42)

Gå til nyhendearkiv