Kjølsdalen krins

Nyhende

Samarbeidsutvalet ved Kjølsdalen skriv ope brev i Fjordenes

Mandag 24. november 2008
Fjordenes Tidende
Åse H. Sundal
leiar samarbeidsutvalet
ved Kjølsdalen skule
Samarbeidsutvalet ved Kjølsdalen skule ynskjer å kome med ein uttale i høve skulestrukturdebatten.Skulen er viktig for bygda vår, og vi har ein god skule der elevane trivst. Det er godt samhald, og elevar, foreldre, lærarar og bygdefolket elles er glade i og kjenner nærleik til skulen. Det er eit svært godt samarbeid mellom skulen og dei forskjellige
organisasjonane i bygda, og vi er redd verdfull aktivitet går tapt om skulen skulle forsvinne. Vi ynskjer ikkje at borna våre skal vere salderingspost og rivast ut av nærmiljøet
sitt på ein slik måte. Vi lyt innsjå at det vil gå fleire år, kanskje tiår, før elevane vil kjenne ekte tilhøyrsle ved annan skule i eit nytt miljø. Vi fryktar at det vil gå sterkt utover trivsel og dermed læring. Undersøkingar viser også at trivsel og læring scorer høgst ved små skular.
Å slå saman til større einingar, og så tru at det kvalitetsmessig blir betre, er vi ueinige i. Vi har hatt ein velfungerande skulestruktur sidan 1969, og ei eventuell samanslåing
vil vere eit stort tilbakesteg for skulen i Eid. Det er ein flott kombinasjon å få gå på ein mindre barneskule, for så å komme på ungdomsskulen når ein er klar for det. Men kommunen bør etter vår meining synleggjere for sentrale styresmakter behovet
for større økonomiske rammer og for å få tilført midlar. Vi minner elles om ei «kampsak»
for ordføraren i valkampen. Då var det eit klart mål med folkeauke i Eid, og det eksakte målet (6.000) er ikkje nådd. Korleis har ordføraren tenkt å møte folketalsauke i Eid når
sentrumsskulen er oppfylt og bygdeskulane nedlagde? Når vi fyrst er inne på politiske lovnader, minner vi og om at det på bygdemøtet i Kjølsdalen våren 2008, frå AP si side blei lova at skulestrukturen skulle fredast så lenge dei sit i posisjon saman med SP. Vi må kunne
stole på slike lovnader. Vi ser for vår krins sin del at fleire unge no ynskjer å etablere seg her. At vi har skule er avgjerande for om dei flyttar heim. Det er ikkje snakk om at dei då heller flyttar til Nordfjordeid (sentrum), men vi er redde for at dei heller vel å busetje seg andre stader om vi ikkje kan ha eit skuletilbod i nærmiljøet. Er det det vi vil? Folketalet har alltid svinga i bygdene, og no må vi legge til rette for at dei store kulla frå krinsen vår kan
vende heim etter endt utdanning. Men ein kan ikkje berre vektlegge talet på fødde i krinsen. Slik det er i dag, er det større mobilitet mellom folk, og berre i fjor fekk skulen vår
seks nye tilflytta elevar. Slik vil vi også ha det i framtida. Vi må ikkje no tenkje kortsiktig og dermed øydeleggje for framtida til bygdene våre. Kjølsdalen skule har nærleik til
fjell og fjord. Vi har eit trygt uteområde som inviterer til fysisk aktivitet både i og etter skuletid, og ikkje minst snakkar vi om trygg skuleveg. Kommunen må legge til rette for
fortgong i bustadfelt i krinsen vår. Vi har faktisk eit unikt høve til å ha gongveg mellom bustadfelt og skule. Vi såg stor oppgong i folketalet i Kjølsdalen krins etter at bustadfeltet
i Kjølsdalsstranda vart ein realitet. Vi ser også at det med husbygging har ein dominoeffekt. Når nokon fyrst startar, kjem andre etter. Det er dette vi vil, og det er på den måten
vi får tilflytting og folkeauke i Eid. Det vi no ser i emning i krinsen vår, med fleire nye hus, må vi ta vare på og ikkje øydelegge. Kommunen har motteke mange pengar, ein snakkar om fleire hundre tusen, i nærmiljømidlar til skulen vår. Desse pengane er bundne (i tjue år?). Skulle skulen avhendast, er dette pengar kommunen må betale attende. KKUL og bygdefolket la ned eit enormt arbeid i dugnad då det blei bygd ny skule. Ein må hugse at
KKUL har rett på kontorareal til bygdekontoret. Finst det enno fleire «hefte»? Dette er ting som også må avklarast. Samarbeidsutvalet ser at kommunen har hamna i ein økonomisk vanskeleg situasjon. Men det er eit samrøystes utval som seier eit klårt NEI til endringar i skulestrukturen. Kommunen må arbeide for å få tilført midlar. Men slik stoda er no, tek
vi heller nedskjæringar i eige nærmiljø enn å måtte sende borna våre til større einingar i anna bygd. Ein må kunne vere så optimistisk, at ein trur den økonomiske stoda på sikt
vil betre seg. Vi arbeider for levande bygder i Eid kommune.
Ope brev frå amarbeidsutvalet
ved Kjølsdalen skule .



(Sist oppdatert 24.november 2008, 07:45)

Gå til nyhendearkiv