Kjølsdalen krins

Nyhende

Fjordabladet skriv om FAU-møtet i Kjølsdalen (internett)

Fau-møte © J. Eide

Slo ring rundt skulen
Anna Wuttudal, 24.11.08

Det var både tårer og latter då bygdefolket i Kjølsdalen var samla for å slå ring rundt skulen sin. Ei engasjert forsamling av kjølsdalingar er klare til å brette opp ermane for å bidra på ulike vis for å auke folketalet i krinsen.


- Her er det berre ein ting å gjere, karar! oppmoda Svein Sundal, som er ein mann i sin beste alder.
Debatten om skulestruktur vekkjer sterke kjensler. Fleire godt vaksne karar vart blanke i augene og fekk klump i halsen då dei framførte kjensleladda innlegg til inntekt for skulen sin i Kjølsdalen.
- Trivselen i oppveksten har utruleg mykje å seie. Vi var seks stykke og hadde det utruleg kjekt på skulen og utruleg kjekt på fritida, sa Hans Petter Gilleshammer, ein av dei som fekk tårer i augene då han heldt innlegg på folkemøtet om framtida til skulen i Kjølsdalen.

Heller ikkje leiar i Kjølsdalen Krins Utviklingslag (KKUL), Jan Eide, klarte heilt å halde kjenslene under kontroll då han snakka om Kjølsdalen skule, som har biblioteket som hjarte, akkurat som i Alexandria.

- Eg har lagt ned livet mitt her i bygda. Kjølsdalen skule er ein mønsterskule. Å miste motoren i bygda, det finn eg meg faen ikkje i, sa Eide, som sjølv har jobba 35 år i skuleverket. Som lærar på vidaregåande har han sett kvar elevane kjem frå, og hans erfaring er at dei dårlegaste elevane i alle fall ikkje kom frå utkantane.


Jan Eide følgjer med i avisene og har fått med seg at det går med nokre millionar kroner årleg til å betale for drift og kapitalkostnader for det nye kulturhuset.

- Skal vi gå fint kledde og kose oss på operaen, og så skal vi leggje ned grendeskulane? Det finn eg meg ikkje i, tordna Eide. Han peika på det sterke engasjementet som er på grendeskulane, ikkje minst på Haugen skule som fekk Sophus Lie-prisen for sitt arbeid med matematikkfaget.

Meir i avisa som kjem ut i dag....



(Sist oppdatert 25.november 2008, 08:31)

Gå til nyhendearkiv