Kjølsdalen krins

Nyhende

Matmessa til Saniteten i Kjølsdalen

Vestavind © Jan Eide
På biletet ser de damekoret Vestavind frå Bryggja og i front to av "gamlekarane" Ottar brekke og Sverre Humborstad.
Ikkje alt for mykje folk var til stades då den årvisse basar og matmessa blei arrangert i Kjølsdalen på Laurdag 29/11. Trufaste kundar hadde møtt opp og skulle ha med seg fiskelefse, vanleg lefse og andre varer heim til jul. Kjøtprodukt og juleeple var og til salgs. Basaren gjekk greit unna med høve til å kjøpe kaffi og kaker attåt. Vestvind frå Bryggja underheldt med 5 flotte nummer - flott! Jorun Breiteig reklamerte for boka Til Fjells som no er råd å få kjøpt på Totland Libris - ei fin julegåve med 73 turar i ord og bilete frå krinsane i Eid kommune

(Sist oppdatert 30.november 2008, 15:06)

Gå til nyhendearkiv