Kjølsdalen krins

Nyhende

Handball i Gaupne

Handball
I Eid kommune har ein samarbeid om spelarar til ulike lag. For jenter 16 år er folk frå Kjølsdalen, Høynes, Stårheim, Remmedalen, Daviksida etc med på Eid sitt handball - lag. I går var dei i Gaupne og spelte kamp mot Bjørn. Ved pause leia Eid 5-4 og til slutt vart det 12- 10 til Eid. Vi gratulerer. På biletet ser vi trenaren Kjartan Melheim gje instruksar på ein "time out". Laget sleit med sjukdom etc og stilte utan reservar. Anne Marit Eide i svart - einaste frå Kjølsdalen, måtte i mål då den ordinere målvakta ikkje kunne stille.

(Sist oppdatert 08.desember 2008, 08:54)

Gå til nyhendearkiv