Kjølsdalen krins

Nyhende

Lefdalsbygda får truleg ikkje breiband til jul

Breiband2
Telenor bryt lovnadane på nytt.
Frå Fjordenes Tidende saksar vi dette:Prosjektansvarleg i Eid kommune, Ole Starheim fortel at han har fått ein del telefonar frå innbyggjarar som er utolmodige på å kome seg på Internett. – Det som er uheldig er at vi har fått datoer frå Telenor som ikkje dei har klart å følgje, men vi forstår det grunna kapasitetsproblem. Heile verda bygger breiband no, så det er ei utfordring å få tak i utstyr og eit enormt press i marknaden. Derfor har vi litt forståing for forseinkinga, men vi pressar på det vi kan, seier Starheim, som ikkje kan gje ein eksakt dato for når utbygginga vil bli ferdig. Men han understrekar at Telenor har skriftleg forsikra til Eid kommune at dei vil utføre ei ringerunde til alle som har fasttelefonabonnement hos leverandøren når området er ferdig utbygd for breiband. På grunn av ferie og manglande kapasitet, ser Starheim ikkje vekk frå at eidarane må vente til over jul på telefon frå
Telenor.

(Sist oppdatert 19.desember 2008, 09:30)

Gå til nyhendearkiv